Lokal historie

Øygarden gjennom 11500 år.

«En 8 Dages Tid flakkede vi om, og vi kom helt ut til ‘Øygaren’ eller den Rad af Smaa-Øer, der danner som en Gar eller et Gjærde imod Nordhavet. Her saa vi Havstrilerne i deres Element.»
(Eilert Sundt, 1869.)

Ordet Øygarden som nemning på øyrekka vest for Bergen, er av relativt ny dato. Få hadde brukt det på trykk før Eilert Sundt. Tradisjonen med å kalla innbyggarane på dessse øyane for strilar eller havstrilar er noko eldre, kanskje frå midten av 1700-talet. Historia til folket som har halde til her, derimot, strekker seg så langt attende som menneska har halde til på territoriet som no utgjer Noreg. Og i heile denne perioden på mellom elleve og tolv tusen år har havet og ressursane der vore berebjelken i livsgrunnlaget.

Den noverande Øygarden kommune ligg på 1525 små og store øyar frå Krossfjorden i sør til Fedjeosen i nord, eit strekk på seks og ei halv mil i luftlinje. Kring førti av øyane har hatt busetnad i moderne tid. Av desse er den avgjort største Sotra (176 kvadratkilometer), som også har det høgste punktet, Liatårnet (341 moh).

Dei første «øygardingar» - omflakkande fiskarar, jegarar og sankarar

Omfattande utbyggingar av bustadfelt, infrastruktur og industri dei siste femti åra har ført til ei rekke arkeologiske utgravingar i regionen som no er Øygarden kommune. Med det er forhistoria til regionen komen meir opp i dagen. Særleg omfattande er funna frå steinalderen. Etter det vi veit i dag, steig dei første menneska i land i Øygarden kring 9500 f.Kr. Det omdiskuterte Blomvågfunnet har vore tolka som endå eldre spor etter menneskeleg aktivitet, men representerer truleg ei naturleg opphoping av dyre- og fiskebein. Om dei første «øygardingane» kom frå søraust langs kysten, eller frå vest over islagt hav, veit vi enno ikkje sikkert. Av dei eldste sikre opphaldsplassane for menneske som er utgravde i Øygarden er Slåttevikane på Kollsnes (ca. 9100 f.Kr.)

Steinaldermenneska på øyane levde og verka i strandsona. Fisk og andre ressursar frå havet utgjorde den viktigaste delen av livsgrunnlaget.

Jordbruk og fast busetnad – dei første fiskarbøndene

Mot slutten av yngre steinalder, for litt over 4000 år sidan, vart folket i Øygarden meir bufaste, samstundes som dei tok til å dyrka korn og halda husdyr. Samstundes heldt folk fram med å hausta frå havet. Kombinasjonen av sjø- og jordbruk, fiskarbondeøkonomien, kom til bli dominerande heilt fram til første halvdel av 1900-talet.

Øygarden som fritids- og feriearena

Med etableringa av rutebåtnettet frå slutten av 1800-talet, og bygginga av vegar og bruer i første halvdel av det følgande hundreåret, kunne folket i Bergen lettare og raskare ta seg ut til øyane i vest. I den same perioden fekk mange byfolk meir fritid og ferie. I ei tid då få hadde eigne bilar eller råd til å reisa med fly, vart øyane eit bokstavleg talt nærliggande fritids- og ferieområde. I den same perioden vart namnet Øygarden i aukande grad tatt i bruk som namn på området.

Frå tidleg på 1900-talet byrja enkelte bergensfamiliar å leiga seg husrom på gardane i nabokommunane om somrane. På nokre bruk leigde dei fastbuande ut ei stove i huset til feriefolket. Andre stader flytta gardsfolket sjølv ned i kjellaren eller opp på eit loft, medan dei leigde ut heile hovudetasjen til ferierande byfolk. Slike sommargjester, eller landliggarar, var nok mest vanleg i mellomkrigstida. Seinare vart det meir vanleg at dei tilreisande bygde seg feriehytter. Hyttebygginga i Øygarden var særleg stor på 1940-, 1950- og 1960-talet, men nokre byfolk reiste fritidsbustader tidlegare. Legeekteparet Elise og Gottfried Dethloff var mellom dei første. Alt i 1899-1900 bygde dei hytte på øya Ono vest for Rong.

To menn som gjennom mange år arbeidde for å promotera Sotra og resten av Øygarden som fritidsarena, var journalist og forfattar Johan C.W. Juuhl, sjølv oppvaksen i Brattholmen, og arkitekt Olai Henrik Schumann Olsen (1884-1975). Sistnemnde var ein ivrig og dyktig amatørfotograf, og tok mange bilde i Bergen og dei kringliggande kommunane, som mellom anna vart publisert i bøker. Fotografia og tekstane deira var viktige for det bildet av utfartsstaden Øygarden som vart skapt i desse åra.

Juuhl og Schumann Olsen arbeidde delvis gjennom Bergen turlag,  som var opptatt av at byfolk skulle bruka landskapet i vest til fritids- og turformål. I årbøkene til turlaget på 1920-talet vart det trykt fleire artiklar om Sotra og skjergarden vest for byen. Årbøkene for 1942 og 1950 var temanummer der dei fleste artiklane handla om «Øygaren».

Juuhl argumenterte i 1925 for at skjergarden og havet burde vera ein like mykje brukt utfartsstad for byfolket som fjellet. Han meinte at det var gjort altfor lite for å marknadsføra kysten. Juuhl medgav at det hadde mangla både gode kommunikasjonar og eigna overnattingstilbod, men meinte at dette no var i ferd med å endra seg. Han tilrådde elles å ta kontakt med handelsplassane per telefon for å få hjelp til å finna innkvartering. Juuhl skildra mange fine fotturar det var mogleg å gjennomføra ved å kombinera dei med rutebåttransport. Han fortalde også om den heilt nye vegen mellom Brattholmen og Fjell, med bruer over sunda på kvar side av Bildøyna. Frå Fjell gard tilrådde han turar både vestover til Møvika og sørover til Sund. Juuhl var utan tvil ein entusiastisk forkjempar for friluftslivet i vest:

«Du begynder dagen med forfriskende morgenbad i en lokkende blaa vik, i en brungraa bergkulp eller fløielsbløt sandfjære. Boltrer dig som en nise i den saltfriske, krystalklare sjø, bruner din krop i vederkvægende solbad paa svaberget lik en sjøvasket kobbe. Smykker dig med ‘Det graa rike’s symbol, en beskeden rødfiolet strandnellik i knaphullet. Sætter saa for brunbarket seilklut i en svarttjæret strilebaat under frisk solgangsbris over blaa osen. Baaten dasker og vasker i havsjøen, som hvisler og klukker mot baugen, mens nu og da en saltfrisk havsprøit duscher dig i synet. Og du ligger i sund og ôs med pilk eller dypvandssnøre og drar fineste rødtorsk og sølvskinnende sei. Eller du søker med fiskestangen til øenes smaavand, hvor ørreten lystig sprætter i blanke speilflaten. Slaar leir i et lunt solhul under graaberget, river ener og lyng, gjør ild op under kaffekjelen og reder dig det bløteste leie. Og mens du velbehagelig strækker dig paa det fiolette lyngdække og damper karva bla’ av snadden, dysser havets dumpe sus dig i drømmenes skjønne rike.»

I mai 1930 reiste to representantar for turlaget på «befaring over Fjell ut til Lønøy ved havet for å gjøre sig kjent med kommunikasjons- og turforhold». Bakgrunnen var at turlaget hadde opplevd aukande pågang av spørsmål om korleis turar til øyane i vest burde leggast opp. Som kjentmenn hadde dei med seg lensmann Apelthun og dei to handelsmennene N.O.P. Storesund og Chr. Garmann. Med rutebåt til Brattholmen, buss til Møvika og skyssbåt til Løno, tok turen frå bykjernen til det ytste havgapet to og ein halv time ein søndag formiddag. Deltakarane meinte området eigna seg godt som «utfartssted for fotturister, fiskere og landliggere.» I Bergens Tidende skildra dei fleire fotturar på Sotra som kunne kombinerast med rutebåttransport til og frå byen.

For rutebåtselskapa vart turfolk og ferierande etter kvart ei viktig kundegruppe. I 1937 gav Hjelma & Herdla dampskibsselskap ut heftet Vår herlige øygar, med tekst av Johan C.W. Juuhl og foto av Olai Schumann Olsen. Dette var ein reklame-publikasjon for øyane vest for Bergen og ei rettleiing for dei som ville feriera eller gå på turar i området. Heftet vart trykt i fem tusen eksemplar og delt ut gratis, og fekk denne omtalen i Bergens Aftenblad:

«Det er Niels Kjær og Krag-ene som har ‘skapt’ Sørlandet. Måtte Juuhl og Schumann Olsen fortsette sitt arbeide med å ‘skape’ Vestlandets øygar. Det er bare kjennskapet utover til øygarens mange herligheter som mangler før den blir like meget av et populært ‘landligger’-strøk, som Sørlandet takket være framrakende reklame er blitt det.»

I mai 1939 arrangerte turlaget ein «øygards-kveld», der Schumann Olsen viste bilde og fortalde om «øiene og øygardsfolket». Han hadde nyleg vore på Sotra, mellom anna på Landro, og fotografert. I førehandsomtalen av arrangementet skreiv Bergens Tidende at «De som kjenner Øygarden vet at her har Bergen et utfartsterreng som ingen by i Norge har maken til.» I tillegg til å fortelja om natur, folkeliv og næringar, ville Schumann Olsen ta for seg praktiske spørsmål om dei reisande, som kommunikasjonar og innkvartering.

Både Bergen turlag og foreininga Kjenn ditt land, som seinare gjekk inn i turlaget, arrangerte dagsturar til Fjell på 1930-, 40- og 50-talet. Liatårnet og Løno var populære mål. Slike turar fann også stad i dei første krigsåra. Så seint som søndag den 7. juni 1942, rett før tyske styrkar for alvor gjorde sitt inntog på Sotra, reiste medlemmene i turlaget til Liatårnet. Ferda gjekk med dampskipet Fløien frå Bergen til Brattholmen, og med bil til Fjell gard. Der starta vandringa til Liatårnet og vidare til Ekrhovda, der turgruppa gjekk om bord i rutebåten og returnerte til byen.

Også bergensavisene stimulerte interessa for Sotra og Øygarden mellom byfolket. I juni 1940 skreiv journalisten Ragnvald Jørgensen (1899-1979) ein humørfylt artikkel om å reisa med buss og ferje frå Bergen til vestsida av Sotra. Han uttrykte entusiasme for at det no var mogleg å ta seg ut frå byen til Nordsjøen på ein og ein halv time. Han var begeistra for naturen og dei gode tilhøva for fritidsfiske, og kom med følgande råd:

«Hvis du er skuffet over noe inne i byen, f.eks. noe så påtrengende som den såkalte sivilisasjon, så bare ta og reis ut til Nordsjøen en dag, ut til Møvik, Skålevik og sånn. Jeg går ingens ærend med dette, her er ikke hoteller, pensjonater og slikt herute, bare enkle mennesker som lever av fiske og jordbruk og varmer sig med torv.»

Tjue år seinare skreiv Jørgensen ein stor artikkel som han illustrerte med eigne teikningar: «Store Sotra – like utenfor gatedøren», der han lovpriste naturen på øyane, og fortalde lesarane om kor lett det var blitt å ta seg ut dit frå byen. Han tok også opp møtet mellom byfolk og strilar:

«Og slik nærmer altså også byen seg øygardsfolket – hva nå de måtte mene om det. Ja, for fra byen kan det komme så mangt slags folk: Såkalte kubikksjarmører med ryper bakpå og en larm uten like. Fylliker kan komme og lage en annen slags bråk, og badenymfer kommer om hvis anstendighet det kan tvistes. Det kan også komme byfolk med minebor og dynamitt, de kan ha reelle hensikter i retning av en hytte eller et sommerhus, men de unnser seg ikke for å smelle i vei selv midt på søndagene under gudstjenesten.»

Brubygging og folkevekst

I 1971 vart det opna for trafikk på Sotrabrua frå Knarrvika og over til fastlandet. Med det kunne folket på Sotra, Bildøyna og Litlesotra køyra ferjefritt til Bergen. Seinare heldt bru- og vegbygginga fram til ei rekke andre øyar. Opninga av Sotrabrua førte til svært stor tilfytting og folkevekst på øyane i vest, særleg i dåverande Fjell kommune.

I dag bur nærare 39 000 menneske i Øygarden. Over halvparten av folket held til på Sotra. Øya Litlesotra (17 kvadratkilometer) har den tettaste busetnaden, med kring 10 000 av innbyggarane.
Halvor Skurtveit, mars 2021

Foto: S.A. Børretzen NTB scanpix - Klikk for stort bileteFoto: S.A. Børretzen NTB scanpix

Litteratur

  • Sund på søre Sotra, band 1-6 (2012-19). Forfattarar: Frode Fyllingsnes og Arvid Skogseth.
  • Fjell bygdebok, band I-VII (1996-2020). Forfattarar: Gunnstein Akselberg, Helge Askvik, Frode Fyllingsnes, Øystein Geber, Rune Hornnes, Nils Kolle, Knut Krzywinski, Gaute Losnegård, Halvor Skurtveit.
  • Øygarden, band 1-7 (1992-2006). Forfattar: Arne Asphaug.
  • Øygarden bygdebok. Under arbeid. Forfattarar: Kjell Alvheim, Kenneth Bratland, Frode Fyllingsnes, Yngve Nedrebø.
  • Havstrilen. Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden (2001-2020).