Fjell festning

Fjell festning er eitt av dei viktigaste militærhistoriske kulturmiljøa på Vestlandet, og ligg samstundes i eit stort og variert natur- og friluftsområde som strekk seg frå Haganes til Bildøybakken.

Kanontårnet, det underjordiske hovudanlegget og toalettbygget på Fjell festning er eigd av Stiftinga Fjell festning. Leiar for stiftingsstyret er Ole-Asbjørn Fauske og kontaktperson for stiftinga er Harald Gåsø, tlf. 917 81 379. 

Kaféen i Kanontårnet er open dei fleste laurdagar og søndagar, og blir driven på dugnad av Sotra og Øygarden forsvarsforening. Kommunen eig ein del av dei kringliggande eigedomane på festningsområdet.

Området kring festninga er eit godt eigna turterreng. Frå Kanontårnet kan ein nyta vidt og flott utsyn mot vest.

Ved hovudvegen er det stor parkeringsplass, og lettaste tilkomst til festningsområdet går via ein asfaltert turveg på kring to kilometer. Ein må rekna med noko biltrafikk på turvegen. Merk at det er mange løpegraver og bunkarar i området. All ferdsel skjer på eige ansvar, og pass særskilt på born. Det er forbode å bada, dykka og fiska i vatna på festningsområdet.

Fjell festning - Klikk for stort bilete