Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Opplev Øygarden

Vi har samla perlene våre!

Du kan velje mellom å gå tur på eigen hand langs løypenettet vårt, du kan bestille tur og få ei levandegjering av historiene frå lokalsamfunnet, og du kan bli med på organiserte opplevingar som næringsaktører her ute tilbyr. Du kan melde deg på guidekurs og bli sertifisert som Øygardskjennar.

Historia om oss lever i spora i landskapet. Der har identiteten vår feste. Der hentar vi forteljingane om kven vi var og kven vi er.
Gjennom å samle perlene i Øygarden fremjer vi kunnskap om kulturarv og kulturminne som ressurs.

Bildebanner; Pyttane (Mai-Helen Hansen), Dagsturhytta i Foldnesmarka (Monica Hovland), Selstøbuena (Silje Katrine Robinson) og Behilderen (Heidi Reisegg Endal). - Klikk for stort bilete