Den norske kyrkja

Det er 5 sokn i kommunen. Sund, Fjell, Foldnes, Landro og, Hjelme og Blomvåg. Det er 8 kyrkjer og 16 gravplassar. I kvart sokn er det eit sokneråd som har ansvar for det kristelege arbeidet i soknet.

I 1996 kom ei nasjonal ordning med kyrkjeleg fellesråd, som er eit samordningsorgan for sokneråda. Sokneråda vel eitt medlem kvar til fellesrådet. I tillegg er det ein kommunal representant valt frå kommunestyret og ein representant utpeika av biskopen.

Gudstenester, barne- og ungdomsarbeid, kor- og konsertverksemd og diakonale tenester er sentrale element i vår verksemd.

Den norske kyrkja er ein stor samfunnsaktør som ønskjer samskaping med kommunen og andre lokale aktørar, til det beste for menneska som bur i kommunen.

Soknerådet

Ansvar for strategisk utvikling i kyrkjelyden. Vedtek mål og planar for soknet. Vedtek lokale planar for kyrkjeleg undervisning, diakoni og kyrkjemusikk. Vedtek lokal grunnordning for gudstenestelivet og vedtek føremål for kyrkjeofringar. Ansvar for bruk av kyrkja og utleige av kyrkja. Førebur saker for kyrkjelydsmøtet.

Fellesrådet

Sørgjer for rammevilkåra for sokna i kommunen. Vedtek mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen og forvaltar statlege og kommunale tilskot. Styrer planprosessar. Er arbeidsgjevar for alle kyrkjeleg tilsette utanom prestane. Forvaltar kyrkjer og gravplassar/ kyrkjegardar. Varetek sokna sine interesser overfor kommunen. Samarbeidsorgan for sokna.

Det er kyrkjeverja som er dagleg leiar for sokneråda og fellesrådet si verksemd.

Gravferdsforvaltning

Øygarden kyrkjelege fellesråd har ansvar for gravferdsforvaltninga i kommunen, uavhengig av tru- og livssyn. Gravferdsforvaltninga er heimla i lov og forskrift. For meir informason om gravferd og gravferdsforvaltning, sjå våre nettsider.

Nyttige lenkjer

Øygarden kyrkjelege fellesråd
E-post
Mobil 40 00 33 16

Adresse

Tyetebærbrekko 2 (Temahuset),
5353 Straume