MOT til å glede prisen

MOT i Øygarden kårar årets gledesspreiar.

MOT logo - Klikk for stort bilete

Årets gledesspreiar er ein i ditt lokalsamfunn som:

  • Er ein positiv kulturbyggar i lokalsamfunnet
  • Er ein gledesspreiar med MOT til å bry seg
  • Evner å løfta blikket og sjå menneska rundt seg

Øygarden er ein MOT-kommune som jobbar strategisk med MOT-verdiane som er:

  • MOT til å bry seg
  • MOT til å gleda
  • MOT til å seia nei

Gjennom MOT-strategien jobbar kommunen med å etablera eit verdiprogram frå barnehage til vidaregåande skule, vidare ut til foreldre, og også inn mot tilsette i eigen organisasjon. Ei slik satsing i å byggja felles verdiar og byggja kultur styrkjer Øygarden som ein god stad å bu.

Å spreia glede er smittsamt, og gjer ein forskjell for andre. Kjenner du nokon som alltid seier "Hei", som ser deg og som får deg til å føla deg betre? Som uansett eigne omstende har eit smil til alle den møter og som bryr seg om andre. Det kan krevja litt MOT å gjera noko ekstra for å spreia glede, men verdien er stor.

Ungdommens komunestyre ønskjer å heidra denne viktige kulturbyggjaren i kommunen med prisen MOT til å gleda. UKS oppmodar spesielt unge nominasjonar.

Forslag til kandidat

Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden kommune via elektronisk skjema.

Innspel til kandidat

Frist

Frist for framlegg til kandidat er 31. desember 2025.

Utdeling av pris

Kandidatane vert vurderte av Ungdomsrådet. Prisen på kr. 10 000,- og ein diplom vert delt ut på den årlege Kultur- og idrettskvelden.