Kulturpris

Prisen vert gjeven til einskildpersonar eller lag/organisasjonar som gjennom ekstraordinært arbeid har synt trufast innsats innan kulturlivet i kommunen, til konkrete tiltak/initiativ, eller til nokon som har gått nye vegar innan kultursektoren i kommunen. Kulturprisen er til heider og stimulans for det lokale kulturlivet.

Forslag til kandidat

Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden kommune via elektronisk skjema.

Innspel til kandidat

Frist

Frist for framlegg til kandidat er 31. desember 2025.

Utdeling av pris

Kandidatane vert vurderte av Levekårsutvalet. Prisen på kr. 10.000,- , ein diplom og eit kunstverk til ein verdi opptil kr. 2.000,- vert delt ut på den årlege Kultur- og idrettskvelden.