Folkehelseprisen skal stimulera til auka merksemd og innsats kring folkehelsearbeidet i kommunen.
Folkehelseinnsatsen handlar om førebygging av fysisk og psykisk sjukdom gjennom aktivitetar og inkluderingsarbeid. Prisen vert gjeven til nokon som har gjort ein særskilt innsats eller er nyskapande innan folkehelsearbeidet i Øygarden. Prisen kan delast ut til initiativ, prosjekt eller tiltak i regi av frivillige organisasjonar/lag og enkeltpersonar i Øygarden kommune.
Forslag til kandidat
Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden kommune via elektronisk skjema.
Innspel til kandidat
Du kan nominera i perioden 1.–31. desember.
Frist
Frist for framlegg til kandidat er 31. desember 2026.
Utdeling av pris
Kandidatane vert vurderte av Levekårsutvalet. Prisen på kr. 10.000,- og ein diplom vert delt ut på den årlege Kultur- og idrettskvelden i mars 2027.
- 2025: André Clausen
- 2024: Jarle Sælensminde
- 2023: Ikkje utdelt
- 2022: Sotra og Øygarden turlag
- 2021: Heine Ruben Hammer
Sist endra 12.11.2026 16.00