Folkehelseprisen skal stimulera til auka merksemd og innsats kring folkehelsearbeidet i kommunen.
Folkehelseinnsatsen handlar om førebygging av fysisk og psykisk sjukdom gjennom aktivitetar og inkluderingsarbeid. Prisen vert gjeven til nokon som har gjort ein særskilt innsats eller er nyskapande innan folkehelsearbeidet i Øygarden. Prisen kan delast ut til initiativ, prosjekt eller tiltak i regi av frivillige organisasjonar/lag og enkeltpersonar i Øygarden kommune.
Forslag til kandidat
Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden kommune via elektronisk skjema.
Innspel til kandidat
Frist
Frist for framlegg til kandidat er 31. desember 2025.
Utdeling av pris
Kandidatane vert vurderte av Levekårsutvalet. Prisen på kr. 10.000,- og ein diplom vert delt ut på den årlege Kultur- og idrettskvelden i mars 2026.
- 2024: Jarle Sælensminde
- 2023: Ikkje utdelt
- 2022: Sotra og Øygarden turlag
- 2021: Heine Ruben Hammer
Sist endra 05.11.2025 00.13