Øydegarden Høybøen

Du står no inne i ein av to hustufter frå ein mellomaldergard. I dag kallar vi garden Høybøen, men den heitte sannsynlegvis Karlsvåg i sin tid. Ruinane du ser rundt deg er restane frå den siste byggefasen, frå 1050 til midten av 1300-talet. 

Rekonstruksjon som visar tunet på Høybøen, slik det kan ha sett ut i mellomalderen. | Illustrasjon: ArkIkon - Klikk for stort bileteRekonstruksjon som visar tunet på Høybøen, slik det kan ha sett ut i mellomalderen. | Illustrasjon: ArkIkon

Ved arkeologisk undersøking er det funne restar av eldre murar i husa. Sett saman med spor etter dyrking og dateringa av gravrøysene rundt garden, fortel det at den første garden vart etablert i perioden som blir kalla Romartid (0-400 e.Kr.). Ved slutten av denne perioden blir garden lagt aude for første gong og ligg så ubrukt i fleire hundre år. Det er ikkje før starten av Vikingtida (800-1050 e.Kr.) at ein igjen ser spor av aktivitet på Høybøen. Det er likevel ikkje full gardsdrift før i Mellomalderen, når den garden som står att her vart bygd. Ved slutten av 1300-talet vart også denne garden lagt aude og sidan har det ikkje vore gardsdrift her. Både gamal innmark og utmark vert no brukt til beite.

Gardstunet

På tunet har det stått to parallelle hus med ein hellegang mellom. Veggene har vore stein med treveggar mellom romma, taket var hellelagt og golvet var delvis jordgolv, delvis hellegolv. 

Rekonstruksjon av tunet ovanifrå. | Illustrasjon: ArkIkon - Klikk for stort bileteRekonstruksjon av tunet ovanifrå. | Illustrasjon: ArkIkon

Husa er såkalla fleirromshus, der typisk verkstad, innhus og fjøs låg under same tak i eit hus, medan stove og bu vart samla i det andre. 

Tolking av rominndelinga teikna av Nils Georg Brekke. - Klikk for stort bileteTolking av rominndelinga teikna av Nils Georg Brekke.

Biletet over viser korleis romfordelinga har vore tolka på Høybøen. Det lengste huset, der du står no, hadde to rom kring ein hellelagt midtgang. Her var flor (fjøs) og innhus (eldhus eller stove med eldstad). Heilt i vest kan ha vore bu (bod) og/eller verkstad. Det andre huset har vore delt i to rom, bu og stove, med skykkje (uthus/skur) i aust og svalgang (terrasse) i sør.   

Den funksjonsdelte byggjeskikken representert av tuftene på Høybøen er typisk for mellomalder på Vestlandet. Vi ser den til dømes igjen i øydegarden Lurekalven ved Lygra, som du kan besøkja ved Lyngheisenteret. Denne måten å laga hus på har prega vestlandsk byggjeskikk i fleire hundre år etter mellomalderen. Eit eksempel er fleirromshuset som enno står på Boga på Radøy (Fig. 4)

Restaurert fleirromshus bygga mellom 1600 og slutten av 1800 talet. | Foto: Boga - Digitalt Museum - Klikk for stort bileteRestaurert fleirromshus bygga mellom 1600 og slutten av 1800 talet. | Foto: Boga - Digitalt Museum

Gjenstandsfunna 

Det er sjeldan at ein har så mykje informasjon om ein historisk gard som det vi har om Høybøen. Dagens gardar er ofte lagde på same plass som gamle gardar, slik at ny drift tek plass over dei historiske spora. Sidan Høybøen har lagt i fred heilt sidan slutten av mellomalderen, har dette gjort det mogleg for arkeologar å undersøkja garden i ein godt bevart kontekst. 

Under utgravingane som vart gjorde her i 1977 og 1978 vart det funne ei uvanleg mengd av ulike typar gjenstandar. Dette fortel oss at dei som drog frå garden ikkje tok seg tid til å planlegga og pakka, men fór i all hast. Kanskje var det Svartedauden som kom til gards?

Vi ser også restar frå kva aktivitetar som fann stad på Høybøen. Spor etter smieverksemd viser at dei sannsynlegvis laga eigne reiskapar. Funn av slagg i utmarka tyder på at dei sjølve har vinne ut jernet dei brukte. Storleiken på fjøset og på utmarka ut mot Vindeneskvarven indikerer at dei har hatt omkring 15-20 sauer og 5-10 kyr på beite. Spinnehjul og vevlodd viser at dei både spann garn og veva tøy av ull frå dyrehaldet. Botaniske undersøkingar har vist at dei dyrka bygg og havre i åkrane. Samstundes viser funn av fiskeutstyr (fig.6), strandsnigl, fiskebein og skjell at sjøen har vore eit viktig livsgrunnlag då, så vel som i seinare tider. 

Fiskesøkker av kleber og fiskekrok av jern frå Høybøen. Det ble funne mange slike. | Foto: Universitetsmuseet i Bergen - Klikk for stort bileteFiskesøkker av kleber og fiskekrok av jern frå Høybøen. Det ble funne mange slike. | Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Folka på garden var med andre ord i stor grad sjølvforsynt med både mat, utstyr og klede. Garden drog nytte av ressursar frå både sjøen og jorda, og folket der var det vi kan kalla «fiskarbønder», ein livsstil som har djupe røter langs Noregs vestkyst. Ei nausttuft som høyrde til mellomaldergarden stod 80 m sør for gardshusa. Den var stor nok til å romma ein båt av færingtype, som nok vart brukt både til fiske og handelsturar.  

Plasseringa av garden, rett ved vika Kåsa, har vore sentral i eldre tider. Då var det vatnvegane som var dei viktigaste ferdselsårene, særleg om du skulle handla på dei store marknadane. Dette ser vi også spegla i det arkeologiske materialet frå Høybøen. I golvlaget vart det funne bryner frå Telemark, baksteheller frå Ølve og forseggjorte keramikkrukker importert frå Nederland og England. Sannsynlegvis har gardsfolket tatt regelmessige handelsturar med båt til Bergen. 

Spinnehjul og vevlodd frå Høybøen. | Foto: Universitetsmuseet i Bergen - Klikk for stort bileteSpinnehjul og vevlodd frå Høybøen. | Foto: Universitetsmuseet i Bergen