Det er ikkje tilfeldig at røysene står samla på denne høgda. I gamle tider var det lite vegetasjon her og det var då lett å få syn på røysene frå landskapet rundt. I tillegg til å markera kor viktig den avdøde var i livet, var røysene også monument som legitimerte tilknytinga slekta hadde til garden og tilhøyrsel i landskapet.
Alle dei tre røysene har ei steinkiste laga til i midten, kor det er funne gjenstandar som vart gitt med den avdøde i grava. Stort sett var dette gjenstandar som den gravlagde hadde på seg. I røys 1 fanst ei stor, dekorert bøylenål (fig.2) i bronse til å festa drakta, restar av ei beltespenne i bronse og av ein kniv som gjerne hang i beltet. I denne røysa var det i tillegg restar av eit spannforma leirkar (fig.2), ein type fingods som var typisk i yngre romartid og den etterfølgjande perioden. Kanskje var det husbonden som fekk med seg dette utstyret?
Restar av eit liknande kar vart også funne i røys 3, saman med restar av eit meir kvardagsleg kar i kleberstein. Kniv fann ein også i den siste haugen, i tillegg til div. bitar av jern som vi ikkje lenger kan sjå kva har vore.
I haugane kan vi kanskje óg sjå hint av tradisjonar som har følgt med gravleggingane. Under det fine hellegolvet til kista i røys 3 var det eit fint lag med jord som var påført med vilje og under der igjen fanst ei kolgrop med brent tre. Det var ikkje uvanleg at nye graver vart lagde over eldre kremasjonsgraver, men det er ingen teikn etter kremasjonsrestar i gropa. Like som i dag var det vanleg i jernalderen å koma saman og eta mat i samanheng med gravlegging. Kan røysa vera lagt over ei kokegrop brukt i eit tidlegare ritual? Kanskje har etterlevande kome saman for å eta i samanheng med ei av dei andre gravleggingane?
Bøylenål i bronse frå Røys 1, brukt som draktspenne. | Foto: Universitetsmuseet i BergenKeramikk i norsk forhistorie
Historisk har Noreg hatt veldig lite tradisjon for keramikk samanlikna med andre europeiske land. Frå steinalder og fram til nyare tid har vi nesten berre produsert grove, udekorerte brukskar. Spannforma leirkar som dette funnet i Røys 1 på Vindenes er derfor vitne om eit spesielt kapittel i norsk forhistorie.
Dette er ein særnorsk type keramikk, som oppstod og vart brukt langs vestkysten. I motsetnad til annan keramikktradisjon i Noreg på denne tida er dei spannforma leirkarane små og elegante, laga i fin asbest- eller klebermagra leire med glitrande overflate og enkel dekor. Dei keramiske nyvinningane skjer i takt med at det arkeologiske materialet endrar karakter. Dette tyder på at ein ser resultata av ei strukturendring i samfunnet som aukar ved starten av romartida. Store gravhaugar blir også meir vanleg på denne tida, noko som kan visa til at samfunnet blir meir lagdelt enn før. Innanfor denne endringa av samfunnet blir keramikaren omsider ein del av samfunnsbiletet og nye teknikkar kjem til Noreg utanfrå. Dette viser at vi no blir ein del av den større germanske fellesskapen i Europa.
Frå yngre romartid blir dei spannforma leirkarane aukande populære, fram til dei har stordomstida si i Folkevandringstid (400-550). Etter folkevandringstida er det openbert ikkje lenger bruk for den spannforma eller den andre keramikken og tradisjonen døyr ut. Etter Folkevandringstida har ikkje Noreg nokon tradisjon for keramikkproduksjon før nesten 1200 år seinare!
Rester av eit spannforma leirkar frå Røys 1. Typen tilhøyrar den eldste gruppa slik keramikk. | Foto: Universitetsmuseet i Bergen