Gravrøys frå Romertid - Tytebærhaugen (0-400 e.Kr.)

Du står no på det som kallast Tytebærhaugen og ser på ei gravrøys frå Romartida. Gravrøysa vart restaurert i 2015. I austre halvdel av røysa kan du sjå kista, fint oppmura av flate heller. I sør- og nordenden av røysa ligg nokre store, flate heller. Desse kan vera restar av dekkhellene som vart brukt til å lukka kista då grava vart laga til. 

Gravrøysa har antakeleg vore høgare enn det vi ser i dag, og kista har vore dekt med stein i ein haug, slik at røysa vart eit tydeleg monument i landskapet. Frå røysa har vi god utsikt rundt oss, og om du kikkar mot vest kan du sjå rett over til øydegarden «Høybøen», datert til mellomalderen (1050-1300). På same plass stod det ein eldre gard som var busett i same periode som denne røysa vart laga til.

Haugar og røyser vart ofte plassert i nærleik til bustadområde og godt synleg frå landskapet rundt. I romartida vart store gravhaugar og røyser mykje meir vanleg enn i perioden før, og det vart også meir vanleg å leggja rike gåver i grava. Denne endringa kan tyda på at det vaks fram ein maktelite i samfunnet. Ei røys er altså ikkje berre eit gravmonument, men eit middel for å markera makt og nærvær i landskapet. 

Det har vore effektivt å kommunisera makt på denne måten. Tradisjonar frå 1300-talet, truleg med rot i mykje eldre tradisjonar, indikerer at gravhaugar kunne fungera som markørar for odelsrett. Kanskje kunne bonden på Høybøen i mellomalderen vinna ein eigedomstvist på grunn av akkurat denne røysa? 

Tanken om kva som lurte av rikdom i røyser og haugar kunne vera forlokkande for røvarar. Ein gong i tida etter gravlegginga har nokon brote opp røysa, opna kista og lagt hella til side. Kanskje fann dei både gull og sjeldne glasvarer der? Det får vi aldri vita!