Josefine Martine Andersdotter Skjold var ei allsidig, særmerkt og sjølvstendig kvinne, som reiste ut frå heimbygda, vart hotelleigar og til sist vende attende til Øygarden.
Josefine Skjold, til venstre, saman med Amanda Skjold og Laura Skjold, kledde for 17. mai-feiring ein gong på 1970-talet. Foto frå Øygarden bygdebok, utlånt av Bjarne Skjold.Josefine, eller Fina, som ho vart kalla, voks opp på Skjold i dåverande Hjelme kommune, som nummer åtte i ein søskenflokk på ti. I 1920 tente ho hjå ei søster i Breivik. To år seinare hadde ho fått teneste hjå ein familie i Bergen. Snart fór Josefine vidare, og arbeidde ei tid på Avaldsnes og i Oslo. Ei anna søster, Anna, femten år eldre enn Josefine, fekk jobb i hotellbransjen, og kjøpte i 1926 Hotell Fønix i Arendal. Josefine gjekk i fotspora til søstera, og hadde i 1937 store planar om å gjenreisa eit nedbrent hotell i Øyestad, nær Arendal. Planane stranda.
Under krigen budde Josefine ei tid hjå bror sin på Skjold, og hjelpte til med å skjula flyktningar som hadde tenkt seg vestover. Fleire av dei kom med rutebåten frå byen, og vart gøymde i ulike uthus på garden. Motstandsarbeidet hadde såpass omfang at det seinare vart sagt at Josefine dreiv «pensjonat for Englandsfararar».
Då freden kom, sette Josefine kursen nordover og busette seg i Mosjøen. Der starta ho overnattingsstaden Lyngengården, som etter ei tid fekk hotellstatus. Gjennom åra kjempa ho mykje med dei lokale styresmaktene, mellom anna om skjenkeløyve, men bygde opp verksemda jamt og trutt. Etter tretti år i nord, selde ho hotellet, som då hadde 10-12 tilsette. I Helgeland Arbeiderblad heitte det at «Josefine Skjold har en sterk og trassig natur, så kampen mot embetsveldet og lokale myndigheter ga henne alltid seier i siste runde. I dag er det få som våger å nekte henne noe som helst». Ho fekk skryt frå turistsjefen, som sa at ho hadde vore «go’ å ha».
No vende Josefine attende til heimbygda og overtok gardsbruket ho voks opp på. At ei einsleg, 77 år gamal kvinne satsa som bonde, etter eit langt yrkesliv i hotellnæringa, vekte oppsikt. Avisene greip tak i saka: «Makelause Josefine i Øygarden gjev nytt liv til gamal gard» var overskrifta i Dagen. Til avisa uttalte Josefine: «eg reknar med at det ikkje skal vera vanskelegare å ha omsut for kyr enn for ferdafolk». Ho hadde store planar for utviding av gardsdrifta, og tilsette ein paktar til å ta seg av det daglege arbeidet. Josefine reiste ny, kostbar driftsbygning til 20-30 kyr, og formannskapet heidra henne med julegåve for tiltaket. «Me har fått eit ymt om at dei ynskjer seg ein varmtvasstank, så det vert vel det», uttalte ordførar Kjell Alvheim til Gula Tidend. Josefine Skjold døydde i 1981.
Lyngengården Hotell i Mosjøen heldt det gåande etter at Josefine flytta heim, og feira 50-årsjubileum i 1996. I 2019 skifta det namn til «Frøken Skjolds Hotel», der ferdafolk framleis tar inn.
Les meir om garden Skjold, og folket der, i Øygarden bygdebok, band 3.
Litteratur og kjelder
- Kjell Alvheim, Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø: Øygarden bygdebok, band 3. 2023. (Side 21-56)
- Arne Asphaug: Øygarden 1940-1945. Samfunnet i krig mot nazismen. Tjeldstø 2001. (Side 116-117)
- Sigvald Fjeldstad: Minne frå barndommen. I: Havstrilen. Årbok for Sund, Fjell og Øygarden. 2017. (Side 35)
- Aviser: Dagen, 27. juli 1976; Gula Tidend, 23. desember 1976; Helgeland Arbeiderblad, 3. juli 1946, 24. mars 1972, 21. mars 1975 og 26. september 1996; Vestlandske Tidende, 10. november 1937, 4. desember 1952.
- Informasjon frå Gunhild Hennø.
Fleire bilete