Ei rekke bygdebøker med lokalhistorie om dei tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden er gitt ut, og fleire vil koma i dei næraste åra.

Hausten 2023 blir dei to første banda i serien Øygarden bygdebok lansert. Det er planlagt i alt sju bøker, to med generell historie om «gamle» Øygarden og fem med gards- og slektshistorie. Dei to bøkene som kjem i år er:
- Band 1: Fangstfolk og fiskarbønder – tida fram til 1870. Forfattar: Frode Fyllingsnes.
- Band 3: Gard og slekt, gardsnummer 201-207. Forfattarar: Kjell Alvheim, Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø.
Både dei nye bøkene og dei tidlegare utgitte bygdebøkene for Fjell og Sund kan kjøpast i innbyggartorga på Straume, i Skogsskiftet og på Rong, i tillegg til i bokhandlane på Sartor storsenter og i alle store nettbokhandlar. Bøkene i serien Øygarden bygdebok er også til sals gjennom Øygarden sogelag.
Følg Bygdebøkene på Facebook og Instagram
For meir informasjon og prisar, klikk på boksane under.
Banda i serien
- Band 1: Fangstfolk og fiskarbønder – tida fram til 1870. (2023)
- Band 2: (Tittel ikkje fastsett.) Tida frå 1870 til 2019. (2024/25)
- Band 3: Gard og slekt, gardsnummer 201-207. (2023)
- Band 4: Gard og slekt, gardsnummer 208-213. (2024)
- Band 5-7: Gard og slekt, gardsnummer 234-254. (ca. 2024-27)
Forfattarar
Frode Fyllingsnes (band 1 og 2), Kjell Alvheim, Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø (band 3-7)
Her kan du kjøpa bygdebøkene
- Innbyggartorga og biblioteka i Skogsskiftet, på Straume og på Rong.
- Vanlege bokhandlar og nettbokhandlar.
- Øygarden sogelag
Pris
Rettleiande utsalspris pr. bok er kr. 490,-.
Treng informasjon og fotomateriale
Til dei komande bøkene om (gamle) Øygarden kommune treng vi meir informasjon og fotomateriale frå innbyggarane. Vi oppmodar alle som kan bidra med slikt materiale om å ta kontakt direkte med forfattarane eller eining for kultur.
Desse banda er gitt ut
- Band I. Det stig av hav... Natur- og kulturhistoria fram til 1700. (1996)
- Band II. Gards- og slektshistoria for gardsnummer 1-19. (2005)
- Band III. Gards- og slektshistoria for gardsnummer 20-29 & 59-60. (2006)
- Band IV. Gards- og slektshistoria for gardsnummer 30-41. (2008)
- Band V. Gards- og slektshistoria for gardsnummer 42-58. (2010)
- Band VI. Mellom havet og byen. Allmennhistoria 1700-1910. (2017)
- Band VII. Nærare byen. Allmennhistoria 1910-2019. (2020)
Forfattarar
Gunnstein Akselberg (I-V), Helge Askvik (I), Frode Fyllingsnes (I-V), Øystein Geber (I), Rune Hornnes (IV-V), Nils Kolle (II-V), Knut Krzywinski (I), Gaute Losnegård (VII) og Halvor Skurtveit (II-VII).
Her kan du kjøpa bygdebøkene
- Innbyggartorga og biblioteka i Skogsskiftet, på Straume og på Rong.
- Vanlege bokhandlar og nettbokhandlar.
Pris
Rettleiande utsalspris pr. bok er 390 kroner.
Desse banda er gitt ut
- Band 1. Gards- og slektssoge gnr. 1–gnr. 12. (2012)
- Band 2. Gards- og slektssoge gnr. 13–gnr. 22. (2013)
- Band 3. Gards- og slektssoge gnr. 23–gnr. 31. (2014)
- Band 4. Gards- og slektssoge gnr. 32–gnr. 40. (2015)
- Band 5. Gards- og slektssoge gnr. 41–gnr. 50. (2016)
- Band 6. Kultursoga. (2019.)
Forfattarar
Frode Fyllingsnes (1-6) og Arvid Skogseth (1-5).
Her kan du kjøpa bygdebøkene
- Innbyggartorga og biblioteka i Skogsskiftet, på Straume og på Rong.
- Vanlege bokhandlar og nettbokhandlar.
Pris
Rettleiande utsalspris pr. bok er 390 kroner.
Sist endra 16.11.2023 07.33