Bygdebøker

Ei rekke bygdebøker med lokalhistorie om dei tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden er gitt ut, og fleire vil koma i dei næraste åra.

Annonse for bygdebøker - Klikk for stort bilete

Det er planlagt i alt åtte bøker om «gamle» Øygarden, to med generell historie (band 1 og 2) og seks med gards- og slektshistorie (band 3-8). Med årets utgiving er fire av bøkene publisert: band 1 (allmennhistorie) og band 3-5 (gards- og slektshistorie). Sjå meir informasjon om dei einskilde bøkene under.

Både bøkene for «gamle» Øygarden og dei tidlegare utgitte bygdebøkene for Fjell og Sund kan kjøpast i innbyggartorga på Straume, Rong og i Skogsskiftet, i tillegg til i bokhandlane på Thon senter Sartor og i dei fleste nettbokhandlar. Bøkene i serien Øygarden bygdebok er også til sals gjennom Øygarden sogelag.

Følg Bygdebøkene på Facebook og Instagram

For meir informasjon og prisar, klikk på boksane nedanfor.