
Den kulturelle spaserstokken (DKSS) gir profesjonelle kunst- og kulturopplevingar til eldre i Øygarden kommune. Gjennom samarbeid mellom kultur- og omsorgstenestene får eldre ved sjukeheimar, omsorgsbustader, dagsenter og andre møteplassar oppleve konsertar, litteratur, scenekunst, kulturhistorie og andre kulturuttrykk av høg kvalitet.
Vi tek imot programforslag frå kunst- og kulturutøvarar fortløpande gjennom året.
Kva er DKSS?
DKSS er ei nasjonal ordning som skal gi eldre tilgang til kunst- og kulturopplevingar.
Målet er å skape gode opplevingar, fremje sosial deltaking og bidra til livsglede og livskvalitet. Tilboda blir gjennomførte der dei eldre bur eller oppheld seg, slik at flest mogleg kan delta.
Målgruppe
Målgruppa for DKSS er eldre som kan ha utfordringar med å oppsøkje kulturtilbod på eiga hand. Tilbodet er særleg retta mot personar som av helsemessige eller praktiske grunnar har avgrensa moglegheit til å delta på ordinære kulturarrangement. Programma blir gjennomførte ved sjukeheimar, omsorgsbustader, dagsenter, aktivitetstilbod for eldre og andre eigna møteplassar i kommunen, slik at flest mogleg får tilgang til kunst- og kulturopplevingar der dei bur og oppheld seg.
Kven kan vere utøvar i DKSS?
Vi ønskjer programforslag frå kunst- og kulturutøvarar innan eit breitt spekter av sjangrar og uttrykk. Både enkeltutøvarar, grupper og ensemble er velkomne til å sende inn forslag.
Aktuelle produksjonar kan omfatte musikk, litteratur og forteljing, scenekunst, visuell kunst, kulturarv, lokalhistorie og tverrfaglege produksjonar.
Utøvarane må vere aktive kunstnarar eller kulturarbeidarar med relevant utdanning, kompetanse og/eller dokumentert kunstnarleg praksis.
Programforslag kan sendast inn fortløpande gjennom året. Vi ber om at forslaget inneheld ei kort prosjektomtale, informasjon om utøvar(ar), CV, lyd- eller videolenker og annan relevant dokumentasjon.
Programforslag kan sendast til Bjørn Andersen på e-post: bjorn.andersen@oygarden.kommune.no
Kva ser vi etter?
Ved utveljing av program legg vi vekt på høg kunstnarleg og kulturfagleg kvalitet, profesjonalitet, god formidlingsevne og tilpassing til målgruppa. Vi ønskjer eit mangfald av uttrykk og sjangrar som kan gi gode opplevingar for eldre i ulike livssituasjonar.
Programma må vere eigna for gjennomføring ved sjukeheimar, omsorgsbustader, dagsenter og andre arenaer der eldre oppheld seg. Vi legg særleg vekt på kunstnarleg kvalitet, profesjonalitet, formidlingsevne, gjennomføringsevne og breidde i sjangrar og uttrykk.
DKSS-midlar kan berre nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling. Ordninga finansierer ikkje amatørkultur eller interne aktivitetstilbod som institusjonane driv sjølve.
Informasjon til utøvarar
Utøvarar må kunne sende faktura i EHF-format. Utgifter til transport mellom spelestadene kan dekkjast etter nærare avtale.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om DKSS eller ønskjer å diskutere eit programforslag.
Bjørn Andersen
Øygarden kommune
Mobil: 906 56 836
E-post: bjorn.andersen@oygarden.kommune.no