Vigselsseremonien vår er ei livssynsnøytral og rettsleg handling. For å gifta dykk i kommunen må de først søka om prøvingsattest, og deretter ta kontakt med kommunen.
Dersom de har eit sterkt ønskje om ein spesifikk dato, kan de ta kontakt med kommunen via sentralbordet for ein mellombels reservasjon, opp til eit år i førevegen. Vi vil gjera vårt ytterste for å i møtekomma ønskje, men kan ikkje garantera for tidspunktet før vi har fått nødvendig dokumentasjon.
Søk om prøvingsattest
Brudeparet må først søkja om prøvingsattest frå Skatteetaten. Prøvingsattesten er er eit dokument som syner at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Saksbehandlingstida hjå Skatteetaten kan vera opp mot seks veker, så de bør søka i god tid. Ver samstundes merksam på at prøvingsattesten berre er gyldig i fire månadar frå utskrivingsdato, og attesten må vera gyldig når de giftar dykk.
Ta kontakt med kommunen
Når de har motteke gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten kan de ta kontakt med kommunen og reservera tid for vigsel, fortrinnsvis ved å nytta digitalt skjema "Bestilling av borgarleg vigsel".
Bestillingsskjema for borgarleg vigsel
Vigsel bestiller du ved å nytta skjema under:
Bestilling av borgarleg vigsel
Skjemaet er elektronisk der ein lastar opp kopi av legitimasjon (bilete) og gyldig prøvingsattest.
Merk at innsending av skjemaet ikkje er ei endeleg stadfesting. Når kommunen har behandla søknaden vil de få tilsendt stadfesting på avtalt vigsel. Denne vert sendt til den digitale postkassa dykkar (dersom du har reservert deg mot slik kontakt vil du få stadfestinga som papirpost).
Kommunen sine krav til dokumentasjon
Dokumentasjon skal lastast opp i søknadsskjemaet. Alternativt kan den leverast på innbyggjartorga eller sendast som brevpost, men hugs då å berekna ekstra god tid.
I utgangspunktet må vi ha all dokumentasjon i hende seinast to veker før vigselsdagen, men vi kan gjera unnatak frå dette. Ver likevel merksam på at vi ikkje kan garantera for vigselen før vi har fått og kontrollert prøvingsattesten.
Som legitimasjon godtek vi gyldig pass, norsk førarkort, norsk nasjonalt ID-kort og bankkort med bilete og personnummer. Legitimasjonen kan ikkje vera elektronisk (t. d. elektronisk førarkort). For utanlandske statsborgarar godtek vi berre pass.
I søknaden sender de inn kopi/bilete av legitimasjonen. Brudeparet må i tillegg ha med legitimasjon i original på vigselsdagen. Vigsel vert ikkje gjennomført dersom legitimasjon manglar!
Hugs at attesten ikkje kan vera eldre enn fire månadar på vigseldagen. De må ikkje skriva noko på dette dokumentet! Det skal signerast under vigselen.
For å kunna gifta seg i Noreg, må utanlandske statsborgarar ha lovleg opphald i Noreg på vigselstidspunktet. Dette vert kontrollert av Skatteetaten før dei utstedar prøvingsattesten, men i nokre tilfelle vil det likevel vera usikkert om vedkommande vil ha gyldig opphald på vigselstidspunktet – og det er då opp til kommunen å kontrollera dette.
Dersom dette gjeld dykk vil det stå skrive med lita skrift om lag midt på prøvingsattesten, og kommunen vil kontrollera dette. I så fall må de også levera bevis på gyldig opphald. Det er viktig at kommunen får dette snarast råd, slik at vi kan kontrollera at opphaldsløyvet er i orden, og i nokre tilfelle må vi be om bevis i original. Ta kontakt via sentralbordet dersom de har spørsmål til dette, eller les ev. meir om dokumentasjon på lovleg opphald på nettsidene til Utlendingsdirektoratet.
Datoar for vigsel
Kommunen gjennomfører vigsel ein fredag og ein påfølgjande laurdag i månaden, i tidsrommet 12.00 - 15.00, etter oppsett plan.
- Januar: 24. og 25.
- Februar: 21. og 22.
- Mars: 28. og 29.
- April: 25. og 26.
- Mai: 23. og 24.
- Juni: 20. og 21.
- Juli: Ingen vigsel
- August: 22. og 23.
- September: 26. og 27.
- Oktober: 24. og 25.
- November: 21. og 22.
- Desember: 12. og 13.
Vi kan gjennomføra vigsel på andre tidspunkt etter nærare avtale, med atterhald om at vi har vigslar tilgjengeleg.
Seremonirom og gjestar
Det er som hovudregel ordføraren sitt kontor på Øygarden rådhus som blir brukt som vigselsrom. Vigsel på andre stadar kan vera aktuelt på førespurnad, men dette vil vera avhengig av kapasitet, og vigslar vil sjølv vurdera om det er praktisk gjennomførbart.
Ordføraren sitt kontor har i utgangspunktet plass til inntil 20 gjestar, i tillegg til brudeparet og to vitne/forlovarar. På førespurnad kan vi i nokre tilfelle legga til rette for vigsel i eit større lokale på rådhuset.

Vigslarar
Følgjande folkevalde har vigselsmynde i kommunen for kommunestyreperioden 2023 - 2027:
- Tom Georg Indrevik, ordførar (H)
- Anita Garlid Johannessen, varaordførar (FrP)
- Marianne Sandahl Bjorøy (Ap)
- Nils Kåre Skoge (H)
- Espen Stølsnes Harkestad (Ap)
- Ingvill Kvalsnes Blom (KrF)
- Børge Haugetun (SL-TVØ)
I bestillingsskjemaet kan de velja vigslar viss det er ønskjeleg.
Pris
Vigsel for par der minst eine parten er folkeregistrert i kommunen eller ingen av partane er folkeregistrert i Noreg, og der vigselen foregår på rådhuset innanfor dei fastsette og opplyste vigselsdatoane og -tidene, skal vera kostnadsfrie for brudeparet.
For vigsel på andre stadar og/eller til andre tider enn standardtilbodet, og dessutan for alle vigslar der ingen av partane er folkeregistrerte i kommunen, men minst ein part er folkeregistrert i Noreg, tar kommunen betalt for å dekka eigne kostnadar, etter følgjande satsar pr 01.05.2024:
- Vigsel måndag – fredag: kr 1171,- + ev. meirkostnadar for vigslar, t.d. reisekostnadar
- Vigsel laurdag – sundag: kr 2342,- + ev. meirkostnadar for vigslar, t.d. reisekostnadar
For par der minst ein part er norsk statsborgar, men ingen av partane er folkeregistrerte i kommunen, vil det tilkome kr 1000,- i administrative utgifter på satsane over.
Kommunen fakturerer brudeparet i alle høve i etterkant av vigselen.
Informasjon om seremonien
Oppmøte
Brudeparet, forlovarane/vitna og ev. gjestar må møta i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel, min. 10 minutt før. De må vente i foajéen på rådhuset til de vert henta inn til seremonirommet. Paret må visa legitimasjon før seremonien startar.
Vitne
Brudeparet må sørga for å ha to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det må ikkje vera desse. Vitna må vera myndige (over 18 år) og visa fram gyldig legitimasjon.
Språk
Vigsel vert gjennomført på norsk eller engelsk. Dette må avklarast på førehand - ved innsending av søknaden. For andre språk må brudeparet sjølve ordna med kvalifisert tolk.
Seremonien
Vi set av om lag 15 minutt til kvart brudepar. Under seremonien vert formular for borgarleg vigsel lese opp. Som ein del av dette vert brudeparet spurde om dei vil ha kvarandre til ektefelle, og vigslar erklærer paret for rette ektefolk. Til slutt underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren ein vigselprotokoll.
Det er valfritt å byta ringar under seremonien. Vil de byta ringar må det leggast inn i bestillingsskjemaet.
Det er mogleg å inkludera kulturinnslag som t.d. musikk eller dikt som ein del av seremonien. Dette må også avklarast på førehand, og brudeparet må stå for den praktiske tilrettelegginga og ev. kostnad sjølve.
Fotografering
Det er høve til å fotografera og filma under og etter seremonien, i samråd med brudeparet. Ver likevel merksame på andre i fellesområda på rådhuset.
Parkering
Brudeparet kan parkera på parkeringsplassane ved hovudinngangen på rådhuset. Andre må parkera på parkeringsplassen ved rådhuset, eller på andre nærliggjande offentlege parkeringsplassar.
Vigselsattest
Etter seremonien vil brudepar (som har bedt om det i bestillingsskjemaet) få med seg ein mellombels vigselattest. Den endelege vigselattesten får de tilsendt frå Skatteetaten etter om lag to veker.