Vinterferieaktivitetar for barn og unge
Øygarden kommune tilbyr aktivitetar for barn og unge i vinterferieveka (23. - 27. februar). Aktivitetane er sponsa av tilskotsmidlar frå Bufdir.

Oversikt over aktivitetar

Om aktiviteten
China Food Ågotnes inviterer til eit kjekt og sosialt kurs der barna lærer å laga kinesisk mat. Vi skal skapa spanande og gode smakar saman. Velkommen!
Alder
1.–9. trinn.
Dato | Tid | Stad
Gruppe 1: 1. - 5. trinn Måndag 23. og tysdag 24. februar kl. 09.00 - 12.00
Gruppe 2: 6. - 9. trinn Måndag 23. og tysdag 24. februar kl. 12.30 - 15.00
Skulekjøkkenet, Stranda skule
Pris
Matlagingskurset kostar kr. 100 per deltakar.
Påmelding
Send e-post til hei@chinafood.no for å melda deg på.
Merk kva for gruppe du ønskjer. Skriv fullt namn, alder, adresse og telefonnr. til føresette.
Kontaktinformasjon
Telefon: 471 57 641
Nettside: chinafood.no

Om aktiviteten
Vil du ha det ekstra kjekt i vinterferien? Onsdag 25. februar frå kl. 17.00 til kl. 20.30 er det gratis bowling, biljard, shuffleboard og karaoke på Sartor bowling.
Gratistilbodet er for barn og unge frå 10 til 16 år. Inga bestilling på førehand, det er berre å møta opp på bowlingen. Velkommen!
Alder
10 - 16 år.
Dato | Tid | Stad
Onsdag 25. februar kl. 17.00 - 20.30 på Sartor bowling.
Pris
Gratis

Om aktiviteten
Det blir mat, konkurransar, baking, laga pynt av grønnsaker og frukt, og mykje meir. Vi ønskjer alle velkommen til matlagingskurs med Riviera Catering!
Alder
1.– 10. trinn.
Dato | Tid | Stad
Måndag til fredag i vinterferien kl. 08.30 - 12.00 | Tranevågen ungdomsskule/Ågotnes skule
Pris
Matlagingskurset kostar kr. 200 per deltakar for heile veka.
Påmelding
Send e-post til aktiviteter@rivieracatering.no for å melda deg på.
Skriv fullt namn, alder, adresse og telefonnr. til føresette.
Kontaktinformasjon
Telefon: Kai Nilsen 973 30 862

Om aktiviteten
Det blir trening, sosiale kampar og turnering i Padel. Vi har også bordtennis og musikk i hallen. Ta med matpakke, klede og sko for innebruk.
Alder
Barn og unge i alderen 12-16 år.
Dato | Tid | Stad
23. - 27. februar kl. 10.00-14.00 på Sotra Padel, Smålonane 3
Pris
Kr. 100,- per dag inklusive frukt. Betaling til konto: 3207 35 25984
Påmelding
Send e-post til info@sotrapadel.no for å melda deg på.
Skriv fullt namn, alder, adresse og telefonnr. til føresette.
Kontaktinformasjon
E-post: info@sotrapadel.no
Telefon: 928 00 821 Anders Fältnäs
Velkommen til biblioteket i vinterferien.
Tysdag 24. februar held spelklubben ope heilt frå klokka 10 om morgonen til halv fire. Og denne dagen er spelklubben for barn under 14 år.
Torsdag 26. februar vert det dropin-kurs med teikning og enkel bokbinding. Vi stiller med teikneutstyr, bokbindingsutstyr og personale til å visa og assistera enkle teknikkar. Passar best for barn og unge over 12 år.
Heile veka er det hobbyaktivitetar for barn i lokala våre.
Nettsida til Øygarden innbyggartorg og bibliotek
Pris
Sjå meir informasjon om dei ulike aktivitetane for pris.
Påmelding
Informasjon om påmelding finn du under kvar aktivitet. Påmeldinga er bindande. Hugs å melda forfall i god tid.
Arrangørar
China Food Ågotnes, Sartor bowling, Riviera Catering, Sotra Padel,Øygarden innbyggartorg og bibliotek.
Støtte
Aktivitetane er støtta av midlar frå Bufdir.

Sist endra 16.02.2026 14.10