
Alder: 8. - 10. trinn (skuleåret 25/26)
Dato: onsdag 24. juni og torsdag 25. juni
Tid: Kl. 09.00 - 12.00
Stad/oppmøte: Arhat-senteret, 2. etasje i Temahuset på Straume (over Jysk). Inngang på baksida mellom fysioterapeuten og kyrkjekontoret. Adresse: Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Pris: kr 50 per ungdom per dag. Ungdommen kan vera med ein eller begge dagane.
Om aktiviteten
Vi leikar oss med klassiske yogastillingar og enkle utfordringar som hjelper deg å bli sterkare, stødigare og meir fokusert. Du får testa kva kroppen din kan få til – i ditt eige tempo, på din eigen måte.
Her er det ingen konkurranse. Ingen samanlikning. Berre eit rom der du kan vera deg sjølv, og samtidig oppdaga nye sider ved deg sjølv.
Vi brukar pusten aktivt – både når noko er litt utfordrande, og når du treng å finne ro. Du får enkle verktøy du kan ta med deg vidare, enten det er i kvardagen, på skulen eller når hovudet er fullt.
Ingen forkunnskapar trengst. Yogaen blir tilpassa alle funksjonsnivå, og vi legg vekt på eit miljø utan prestasjon og konkurranse. Passar like godt for gutar som for jenter.
Målet? At du går herfrå med ei god kjensle i kroppen, meir ro og ei oppleving av meistring!
Om arrangøren
Bente Elvemo er sertifisert yogalærer innan to retningar og barneyogalærer. Eigar og dagleg leiar av yogafirmaet Bona Vita Yoga på Straume.
Påmelding
Lenke til påmelding kjem.
Ved påmelding ber vi om at de skriv fullt namn, alder, adresse og telefonnr. til føresette. HUGS Å SKRIVA KVA FOR DAG UNGDOMMEN SKAL DELTA PÅ!
Kontaktinformasjon
Bente Elvemo
epost@bonavitayoga.no
Tlf. 950 05 755