Spekkhoggarsommar | 2. - 7. trinn | Skogsvåg stadionLytt til tekstenStopp avspillingVelkomen til ei aktiv og lågterskelveke som skapar varige og gode minner til idrett, og som fører til nysgjerrighet på å prøva andre idretter enn fotball. Vi oppmodar spesielt born som ikkje driv organisert idrett om å bli med.Alder: 2. - 7. trinn (skuleåret 25/26)Dato: onsdag 8. juli - fredag 10. juliTid: Nærare tidspunkt kjemStad/oppmøte: Skogsvåg stadion, SundhallenPris: Kr. 100 pr dagOm aktvitetenBorna blir introdusert til ei rekke ulike idrettar som hyrox, pickleball, tennis, hekk, lengde, spyd, kule og høgdehopp. Eldre ungdommar, i alderen 16 til 22, leiar aktivitetane. Godt vaksne frå idrettslaget har det overordna ansvaret. Bestemødre står for dagleg mat og drikke i lunsjen.Ofte stilte spørsmål om alderBornet gjekk i 2. – 7. klasse i skuleåret 2025/2026: Ja, kan vera med. Bornet skal starta i 1. klasse august 2026: Nei, kan diverre ikkje vera med.Bornet skal starta i 2. klasse august 2026: Nei, kan diverre ikkje vera med.Om arrangørenSkogsvåg IL er eit breiddeidrettslag i søre del av Øygarden kommune. Idrettslaget blir drive gjennom frivilleg arbeid. Idrettslaget har opparbeida Skogsvåg stadion til eit komplett anlegg for fotball, friidrett samt racketsport som tennis.PåmeldingLenke til påmelding kjem.KontaktinfoKenneth Sangolt, Skogsvåg IL Mobil: 414 76 319 E-post: kenneth.sangolt@gmail.com Publisert 20.05.2026 12.18