Sommarleir | 1. - 10. klassetrinn | Stall Grønhaugen

Sommarleir vil innehalda: stell av hest, riding evt. køyring med vogn. Vi har også geiter som ein kan kosa og stella med. Leik og andre aktivitetar om det vert tid til det. 
 

Alder: 1. - 10. trinn (skuleåret 25/26)
Dato: 6. juli - 10. juli
Tid: 6. juli - 7. juli Gruppe 1 kl. 10.00 - 14.00 | 8. juli - 9. juli Gruppe 2 kl. 10.00 - 14.00 | Dagleir 10. juli kl 10.00 - 14.00 
Stad/oppmøte: Stall Grønhaugen, Grønhaugvegen 135, 5336 Tjeldstø
Pris: 100 kr

Om aktiviteten

På tunet er det også fem hundar, så fint om vi får melding om det er nokon av deltakarne som er redd for hundar så skal vi syta for at dei ikkje er i stallen.

Vi har hjelm og sikkerhetsvest til utlån. Det som ein då treng av utstyr er klede etter været, gode sko/støvlar med hæl, langt hår SKAL vera i strikk/hestehale.

Viktig at det vert tatt med mat og drikke til lunsj. Toalett er tilgjengeleg.

Kvar einskild deltakar bør vere forsikra i høve til skade/ulykke, og all ferdsel vert på eige ansvar.

Påmelding

Meld deg på ved å senda epost til: stall.groenhaugen@gmail.com

Ved påmelding på e-post ber vi om at de skriv fullt namn, alder, adresse og telefonnr. til føresette. Eventuelt anna naudsynt informasjon om barnet.

Kontaktinformasjon

Silje Helen Fjeldstad

Tlf. 464 23 336