Sommaraktivitetar | Elevar på barne- og ungdomstrinnet | Kystmuséet

Dei to første vekene i skuleferien inviterer vi til kjekke og lærerike aktivitetar på Kystmuséet. Aktivitetane er gratis.

Alder: Elevar på barne- og ungdomstrinnet (skuleåret 25/26)
Dato: måndag 22. juni til fredag 26. juni og måndag 29. juni til fredag 3. juli
Tid: Kl. 11.00 - 15.00
Stad/oppmøte: Resepsjonen på Kystmuséet
Pris: Gratis

Om aktiviteten

  • Måndag og onsdag
    Prøve deg på pil- og bogeskyting
  • Tysdag og fredag
    Vera biolog for ein dag på open lab – ta med det du finn i fjøra og studer det med stereolupe
  • Torsdag
    Bygg din eigen vesle båt i snikkarverkstaden vår – her er det berre fantasien som set grenser

Ein av våre tilsette vil vera til stades og visa og rettleia under aktivitetane. Aktivitetane er opne for alle, men barn må ha følgje av ein vaksen. Kombiner gjerne aktiviteten med besøk på museet, eller kanskje bading på Taremare sjøbad.
Velkomen til lærerike og morosame sommardagar hos oss!

Pris

Dagens aktivitet er gratis for alle som vil prøva. Dersom deltakarane i tillegg ønskjer å sjå museet, må dei vaksne løysa eigen museumsbillett, born u/18 år har gratis inngang. 

Påmelding

Påmelding er ikkje naudsynt, her er det berre å møta opp. Merk at alle born må ha med seg ein vaksen til aktiviteten, dette er ikkje eit tilbod kor du leverer bornet og hentar etter ei stund. 

Kontaktinformasjon

epost: kystmuseet@museumvest.no
Tlf: 53006140 
Kontaktperson: Marianne Lindgren - marianne.lindgren@museumvest.no tlf: 93209165