Rulleskøyting | 3. trinn og oppover | Liljevatnet gymsal

Hald deg aktiv på den gøyaste måten – sus rundt på fire hjul!

Rulleskøyter - Klikk for stort bilete

Alder: frå 3. trinn og oppover (skuleåret 25/26)
Dato: 22. juni - 26. juni
Tid: Kl. 16.00 - 17.30
Stad/oppmøte: Liljevatnet gymsal, Arefjordvegen 290, inngang B
Pris: Kr. 250 pr person | per kurs

Om aktviteten

På dette kurset får du utvikla skøyteferdigheitene dine gjennom varierte øvingar og leik. Du lærer grunnleggjande teknikk i rulleskøyting, og korleis du skøytar riktig og trygt. Kurset passar både for klassiske rulleskøyter og inline-skøyter.

Og det beste av alt …Det blir også tid til roller-disco!

OPENT NIVÅ

Praktisk informasjon

  • Ta med bevegelege klede, vassflaske og hjelm
  • Det er mogleg å låna rulleskøyter gratis på staden dersom du ikkje har eigne
  • Send oss gjerne ei melding med skostorleiken din, og møt opp i god tid første kursdag

Øvingar vi jobbar med

For nybyrjarar:

  • Skøyting framover på ulike måtar (pushes, bubbles, lounges, squats, chassé m.m.)
  • Slalåm med skøyter
  • Balansere på éin fot
  • Skøyting bakover (valfritt)

For litt øvd / øvd:

  • Alt ovanfor, pluss: 
    o    Snurring
    o    Ulike hopp
    o    Meir avanserte balanseøvingar
    o    Crossovers

Viktig

Sykkelhjelm er obligatorisk for alle under 13 år.

Om arrangøren

Rulleskøyter Vest er Vestlandets einaste tilbyder av undervisning i rulleskøyting, samt organisering av Rulleskøytedisco. Dei er også Norges første og einaste tilbyder av undervisning i kunstløp på rulleskøyter.
Opplæring foregår gjennom ulike helgeworkshops og kurs, samt privatundervisning.
Hovudundervisningsstad er Liljevatnet Gymsal, men det er også mogleg å bestilla workshops i nærområdet ditt.

Påmelding

Aktiviteten er dessverre fullbooka.

Kontaktinfo

Epost: info@nordicicetheatre.com