HordaLAN Summer 2026 | 11+ år | Ågotneshallen

HordaLAN Summer er eit lan-party som vert arrangert av HordaLAN Dataforening i Ågotneshallen frå fredag 26.06.2026 klokka 20:00 til tysdag 30.06.2026 klokka 12:00.

HordaLAN - Klikk for stort bilete

Alder: 11+ år
Dato: 26. - 30. juni
Tid: frå 26. juni kl 20.00 til 30. juni kl 12.00
Stad/oppmøte: Ågotneshallen, Hamramyra 10, Ågotnes
Pris: 250 kr LAN-plass for heile arrangementet | 50 kr for dagspass (kan kjøpast ved inngang)

Om aktiviteten

Kva er LAN?

Eit LAN-party er eit sosialt arrangement der barn og ungdom tar med seg PC/konsoll for å spela spel saman over fleire dager, ofte ei helg.

SommerLAN er eit meir lavterskel-LAN, der vi går meir tilbake til eit tradisjonelt LAN med fokus på å spela saman og det sosiale rundt gaming. Her blir det lokal server, spel, konsoller, brettspill, e-sport og andre konkurransar.

Aldersgrensa på LANET er 11 år. I følgje med foreldre kan barn under 11 år òg vera med.
 

Påmelding

Lenke til påmelding kjem.

Kontaktinformasjon

info@hordalan.no

https://hordalan.no

https://discord.hordaland.no