
Alder: 5. - 10. trinn (skuleåret 25/26)
Dato: Måndag - fredag veke 26 og 27 | Kl. 09.30 - 15.45. Sjå meir info under tid og grupper
Stad/oppmøte: Liljevatnet barnehage og kulturskule
Pris: Gratis, men krev påmelding
Om aktiviteten
Gruppe A: Minecraft er hovudspelet for denne gruppa, med ulike lagspel- og konkurransevariantar i Hypixel. Vi vil òg tilby treningsopplegg i Fortnite.
Gruppe B: Vi kan tilby treningsopplegg i Valorant, Minecraft og Fortnite. For denne gruppa vil vi i stor grad kunne tilpasse dagane ut frå samansetnaden av spelargruppa og ulike ønske om kva aktiviteten skal innehalde. Dersom det er ønske om treningsopplegg i andre spel enn dei tre nemnde, ta kontakt med oss, så ser vi kva vi kan få til.
Dette blir treningar med trygge rammer, tilpassa utfordringar og god trivsel. Her er det ingen krav til forkunnskapar, og vi vil sikra at dette blir ei trygg og positiv erfaring for alle deltakarane. I tillegg til sjølve treningsopplegget vil trenarane legga til rette for felles aktivitet i nokre andre spel.
E-sportøktene blir delt opp av pausar med ulike aktivitetar. Kvar dag avsluttar vi med ballspel i gymsalen eller ute i ballbingen.
Vi har alt av datautstyr tilgjengeleg for bruk i øvingslokalet. Men dei som vil bruka kontroller i staden for tastatur må ta med seg det heimanfrå.
Huskeliste og mat
Ta med innesko, utesko og drikkeflaske. Gruppe A må i tillegg ta med niste til lunsjen. Vi serverer frukt kvar dag.
Tid og grupper
Veke 26
Gruppe A – kl. 9.30 – 13.30: for 6. og 7. klasse
Gruppe B – kl. 11.45 – 15.45: for 8. klasse og oppover
Veke 27
Gruppe A – kl. 9.30 – 13.30: for 5. og 6. klasse
Gruppe B – kl. 11.45 – 15.45: for 7. klasse og oppover
Pris
Gratis, men krev påmelding.
Påmelding
Lenke til påmelding kjem.
Kontaktinfo
Operation Archery E-sports Øygarden
Magnus Torvik (styreleiar i klubben)
E-post: oae.oygarden@gmail.com
Telefon: 957 577 33