Dale Oen Experience | 4. - 10. trinn | RongLytt til tekstenStopp avspillingKom og bli med oss på aktivitetsdag fylt med aktivitetar og meistringsopplevingar. Alder: 4. - 10. trinn (skuleåret 24/25)Tid: Måndag 23. juni – fredag 27. juniStad/oppmøte: Dale Oen Senteret i Øygarden, Langholmen 9, 5337 RongPris: kr. 50 for ein dagOm aktivitetenKom og bli med oss på aktivitetsdag fylt med aktivitetar og meistringsopplevingar. Her skal alle få oppleve meistring og få utfordre seg sjølve innafor sine eigne rammer. Vi skal også lære meir om samarbeid, omsorg og humør. Dagen blir fylt med aktivitetar som padling, klatring, rappell, samarbeidsoppgåver, bading og moro. Vi lagar også lunsj saman, anten på grillen eller på bål. Håpar du har lyst til å vere saman med oss. PåmeldingMeld deg på herKontaktinformasjonPål Wollan: paal@daleoen.comSølvi Fjeld Bjorøy: solvi@daleoen.com Sist endra 02.06.2025 10.38