
Alder: 1. - 7. trinn (skuleåret 25/26)
Dato: Måndag 22. og tysdag 23. juni
Tid: Kl. 09.00 - 12.00
Stad/oppmøte: Arhat senteret. 2. etasje i Temahuset på Straume (over Jysk). Inngang på baksida mellom fysioterapeuten og kyrkjekontoret. Adresse: Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Pris: Kr. 50 per dag. Barnet kan vera med ein eller begge dagar
Om aktviteten
Her får barna utforska yoga gjennom leik, rørsle og fantasi! Vi hoppar, balanserer, strekkjer oss, roar ned og har det gøy saman – alt i eit trygt og inkluderande rom.
Gjennom yogaleik og kreative øvingar får barna bruka kroppen på nye måtar, samtidig som dei øver på balanse, styrke, samarbeid og konsentrasjon. Vi er nysgjerrige, testar nye ting og gir rom for både latter og meistring undervegs.
Barna får også bli kjent med pusten sin og sansane sine – og øver på å finne ro, fokus og tilstedeværelse på ein enkel og naturleg måte.
Ingen forkunnskapar trengst. Yogaen blir tilpassa alle funksjonsnivå, og vi legg vekt på eit miljø utan prestasjon og konkurranse. Passar like godt for gutar som for jenter.
Om arrangøren
Bente Elvemo er sertifisert yogalærer innan to retningar og barneyogalærer. Eigar og dagleg leiar av yogafirmaet Bona Vita Yoga på Straume.
Påmelding
Lenke til påmelding kjem.
Ved påmelding ber vi om at de skriv fullt namn, alder, adresse og telefonnr. til føresette. Hugs å skriva kva for dag barnet skal delta på!
Kontaktinfo
Bente Elvemo
Mobil: 950 05 755
E-post: post@bonavitayoga.no