Aktivitetsdagar med lasertag | 7. - 10. trinn | Sotra Villmarksenter

Alle vil få opplæring og prøva ulike aktivitetar denne dagen. Lasertag er hovudaktiviteten, men vi kjem også til å ha øksekasting, luftgeværskyting, pil- og bueskyting. Mellom aktivitetane vil vi ha nokre bli kjent-leikar. 

Lasertag og andre aktiviteter - Klikk for stort bilete

Alder: 7. - 10. trinn (skuleåret 25/26)
Dato: 22. og 23. juni
Tid: Kl. 10.00 - 15.00.
Stad/oppmøte: Oppmøte på Sotra Villmarksenter på Fjell kl.09.00 | Henting same stad kl. 15.00
Pris: Kr 100

Om aktiviteten

Sotra Villmarksenter tilbyr eit aktivitetsbasert dagstilbod for ungdom frå 7. til 10. klasse i Øygarden kommune. Hovudaktiviteten er lasertag, der deltakarane konkurrerer anten alle mot alle eller i lag. Kvar deltakar får lasermarkør og sensorar som registrerer treff og poeng, og spelet går føre seg utandørs i ein oppblåsbar bane som gir ei spennande og dynamisk ramme.

For dei som ønskjer litt ekstra spenning, kan ein også bruka sjokkbånd som gir eit lite støt ved treff, justerbart etter ønskjeleg intensitetsnivå. I tillegg til lasertag vil dagen innehalda aktivitetar som øksekasting, luftgeværskyting og pil- og bueskyting. Mellom øktene blir det lagt inn bli-kjent-leikar som bidreg til sosialt samhald.

Oppmøte er kl. 10.00 ved Sotra Villmarksenter på Fjell, og dagen varer til kl. 15.00. Det blir servert enkel lunsj, og det er to vaksne til stades som sørgjer for tryggleik og trivsel. Deltakarane må kle seg etter vêret og ha med eigen drikke.

Påmelding

Lenke til påmelding kjem.

Kontaktinformasjon

Roger Skoge
Telefon: 450 44 283
E-post: roger@sotra-villmarksenter.no