Aktivitetsdagar | 1. - 5. trinn | Fjell festningLytt til tekstenStopp avspillingBli med på kjekke dagar arrangert av Sotra Villmarksenter!Alder: 1. - 5. trinn (skuleåret 25/26)Dato: 25. og 26. juniTid: Kl. 09.00 - 14.00.Stad/oppmøte: Oppe på Fjell festning, rett innanfor porten (kaserna) | Henting same stadPris: 100 krOm aktivitetenSotra Villmarksenter tilbyr eit variert og spennande aktivitetstilbod for elevar frå 1. til 5. klasse i Øygarden kommune. Barna får ein heil dag fylt med opplevingar, læring og fysisk aktivitet i historiske omgjevnader på Fjell festning.Dagen startar med oppmøte kl. 09.00 ved kaserna, og varer til kl. 14.00. Gjennom dagen vil barna delta i ulike aktivitetar som rappellering, zipline, luftgeværskyting og pil- og bueskyting, der dei får grundig opplæring og trygg rettleiing.Eit viktig element i opplegget er omvising i festningsanlegget og bunkersane, der barna får høyra om historia til Fjell festning og utforska området. Det vil også vera mogleg å sjå på dyra som held til på området.Det blir servert enkel grillmat til lunsj, og det blir lagt til rette for allergiar. Barna må kle seg etter vêret og ha med gode sko og eiga drikke. Dette er ein dag som kombinerer natur, historie og meistringsopplevingar.PåmeldingLenke til påmelding kjem.KontaktinformasjonRoger SkogeTelefon: 450 44 283E-post: roger@sotra-villmarksenter.no Publisert 20.05.2026 08.00