62 grader nord | 9-12 år | RongLytt til tekstenStopp avspillingBli med på fire spennande dagar med aktivitet, leik og eventyr i naturen! På 62 grader nord får du prøva mange kule ting saman med andre barn. Alder: 9 - 12 årDato: måndag, tysdag, onsdag og torsdag i veke 26Tid: Kl 10.00 - 14.00Stad/oppmøte: Kjøpmannsvågen 34, 5337 RongPris: 100 kr pr dag. Maks to dagar pr barn for at flest mogleg skal få delta.Om aktivitetenDag 1:Vi startar med klatring og rappellering. Her lærer du å klatra trygt både inne og ute, og å fira deg ned frå høge punkt.Dag 2:Vi dreg på coasteering, der vi beveger oss langs sjøen, klatrar på svaberg og hoppar i vatnet. Etterpå blir det sauna og bading – skikkeleg deilig etter ein aktiv dag!Dag 3:Denne dagen går vi på klippe- og juvvandring. Vi klatrar over steinar (buldring) og prøver også rappellering i naturen.Dag 4:Til slutt blir det aktivitet på sjøen med havkajakk og Stand Up Padle. Her får du læra å padla og utforska sjøen på ein trygg og morosam måte.Det blir lunsj kvar dag, og flinke instruktørar passar på at alle har det trygt og gøy.Dette blir fire dagar fulle av spenning, meistring og nye vennskap i naturen.PåmeldingLenke til påmelding kjem.Kontaktinformasjonepost: hei@oygardenactive.no Publisert 21.05.2026 09.15