Jakt og fiske

Jegerprøven

Vil du jakta, må du først ta jegerprøven. Du må ta obligatorisk jegerprøvekurs og ein teoretisk eksamen. For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med godkjent arrangør, t.d. Sotra og Øygarden Jeger og Fiskarforening. Informasjon om jegerprøven

Jakt på småvilt og fugl

  • Retten til jakt høyrer til grunneigar.
  • Ta kontakt med grunneigar for løyve til jakt.
  • Jakttid for dei ulike artene finn du på heimesida til Miljødirektoratet

Hjortejakt

  • Jakttida for hjort er frå 1. september til 23. desember.
  • Jakt kan berre finna stad innanfor eit godkjent jaktvald (jaktområde). Kommunen skal godkjenna jaktvalda. Minste areal for godkjenning er 1 000 dekar.
  • Søknadsskjema for godkjenning av jaktvald finn du på heimesida til Miljødirektoratet
  • For oversikt over godkjende jaktvald i Øygarden kommune, ta kontakt med viltansvarleg.

Informasjon om storviltjakt

Forvaltning av hjortevilt - kommunale mål og planstrategi

Føremålet med ein forvaltningsplan for kommunen si forvaltning av hjortevilt er å gje eit lokalt rammeverk for den lokale viltforvaltninga i Øygarden kommune. Forvaltninga må på kommunalt nivå ta stilling til bestandtettleik, struktur og avskyting i viltforvaltninga.

Her kan du lesa heile forvaltningsplanen og kommunale målsetjingar for forvaltning av hjortevilt (PDF, 2 MB).

Bestandsplan for hjortevilt 

I 2022 søkte 17 av 18 hjortevald i Øygarden kommune om ein felles bestandsplan for forvaltning av hjorteviltet i kommunen. Denne ble godkjent og fungerer som styringsdokument for den nye organisasjonen for hjorteviltforvaltning i kommunen som består av desse 17 valda. Det er jaktrettshavarane som forvaltar hjortestammen basert på bestandsplanen som kommunen har godkjent. Kommunen følgjer opp at målsetningane i kommunal forvaltningsplan for hjortevilt og bestandsplanen vert oppnådd. Du kan lese bestandsplanen her: 

Bestandsplan for hjortevilt i Øygarden kommune (PDF, 5 MB)

Skada hjort

For hjort som vert påkjørt eller skada på anna måte skal det gjennomførast ettersøk. Meld frå til Ettersøksringen på vakttelefon 948 54 645.

Skada husdyr

Skada husdyr som hund, katt eller sau er det pliktig å hjelpe (etter Dyreveldferdslova § 4) ved å melde frå til eigar og ta dyret med til veterinær eller kontakte politiet på 02800. For katter, hunder og andre dyr som blir påkjørt i trafikken, så har sjåføren i følgje vegtrafikkloven, eit spesielt ansvar for å sjekke omfanget av skadene og yte den hjelp som er nødvendig.

Hjort som gjer skade i hage, åkre og eng

  • Det vert ikkje gjeve løyve til å fella hjort som beiter i hagar. Huseigar må sikra eigedomen med gjerde på minst 1,8 m for å halda dyra ute.
  • Landbrukseigedomar i aktiv drift kan søkja kommunen om skadefelling dersom skaden på produksjonsareal er vesentleg og får økonomiske følgjer for brukar.
  • Søknadar og/eller spørsmål i høve hjort som gjer skade på innmark mm. kan sendast til postmottak@oygarden.kommune.no eller ring sentralbordet 56 16 00 00 og spørje etter miljøavdelinga/viltansvarlege.

Fritidsfiske

Det er fritt fiske i sjøen og på havet, men med to unntak:

  • Fiske inst i Fjellspollen er regulert grunna krav om fiskekort i Fjellsvassdraget.
  • Fiske innafor 100 meter frå utlaupet av Litlepollen er forbode i perioden 16.09 – 30.06.

Det er som hovudregel ikkje krav om fiskekort for fiske i innsjø/elvar i Øygarden kommune. Vanlegvis er det heller ikkje nødvendig med løyve frå grunneigar til såkalla tålt fiske med stong frå land. Fiske med garn må ha samtykke frå grunneigar.

Det er krav om fiskekort for fiske i Fjellsvassdraget.

Fiskeperioden er frå 01.07 – 15.09.

På nettsida til Sotra Sportsfiskere fin du informasjon om forum, fangstmeldinger, galleri, klubblokale, Fjellvassdraget, klubbmesterskap og kontakt oss.