Friluftslivets år er ein invitasjon til å oppleva naturen. Dette året skal fremja friluftsliv som ein viktig del av kvardagen og oppmuntra til å finna glede i naturen rundt seg.
Foto: Paulina CervenkaOm friluftslivets år 2025
Klima- og miljødepartementet har gitt Norsk Friluftsliv oppdraget med å leia og gjennomføra friluftslivets år 2025. Samarbeidet inkluderer dei 18 friluftslivsorganisasjonane som er medlem i Norsk Friluftsliv, samt lokale lag og foreiningar, friluftsråd, myndigheiter, fylkeskommunar og kommunar. Målet er å auke merksemda om friluftsliv og dei mange fordelane det gir for både fysisk og psykisk helse. Dette året vert alle invitert til å utforska og nyta naturen i sitt eige nærområde. Gjennom offentlege kampanjar og arrangement skal fleire inspirerast til å bruka naturen aktivt og oppdaga dei positive verknadene av friluftsliv.
Her kan du sjå friluftslivets år 2025 sin presentasjon, som spesielt lag- og foreiningar bør ta ein titt på.
Kva kan lag- og foreiningar gjera?
Vi oppmodar alle lag og foreiningar til å planleggja og synleggjera aktivitetane sine i løpet av friluftslivets år, gjerne med mål om å rekruttera nye medlemmar. Dette kan inkludera alt frå fysiske arrangement til foredrag om laget eller foreininga sine aktivitetar. Vi kan bidra med å marknadsføra arrangement, og ein vil óg kunna bruka logoen for friluftsåret. Treng du eit lokale for eit foredrag eller ein aktivitet, kan vi óg hjelpa til med det. Aktivitetar, som inngår i friluftslivets år, kan synleggjerast på kommunen sin aktivitetskalender på nettsida og på Friluftslivets år 2025 sin aktivitetskalender.
Arrangement i friluftslivets år
På friluftslivets år sin aktivitetskalender kan du sjå arrangementa for kommunen din og andre kommunar i landet. Er du arrangør kan du leggja inn arrangementet ditt her.
Friluftslivets år 2025 aktivitetskalender
Sist endra 10.03.2025 13.30