Ein viktig del av kulturarven vår er å vera ute i naturen. Vi har frå gammalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells – uavhengig av kven som eig grunnen. Vi kan hausta av naturen – ikkje berre saltvassfisk, bær, sopp og blomstrar, men òg inntrykk og opplevingar.
Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Allemannsretten gir ikkje berre rettar, det følgjer òg plikter med. Når du nyttar allemannsretten, skal du te deg omsynsfullt og varsamt.
For å vita kva rettar allemannsretten gir deg, er det viktig å forstå forskjellen på innmark og utmark. Enkelt forklart er innmark område som gardsplass, hustomt, hage, industriareal, dyrka mark og liknande areal der allmenn ferdsel vil vera til bry for eigaren av grunnen. Utmark er alt som ikkje er innmark, og omfattar det meste av skog, fjell, myr og strand.
Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du:
- ferdast fritt til fots og på ski
- raste og overnatte
- ri eller sykla på stiar og vegar
- bada, padla, ro og bruka seglbåt
- plukka bær, sopp og blomstrar
- fiska fritt etter saltvassfisk
Sjå miljødirektoratets brosjyre om allemannsretten for meir informasjon
Sporlaus ferdsel
Allemannsretten gjer oss rett til mykje, men den inneber også nokon plikter. Ei av pliktene er av vi tek godt vare på naturen, og ikkje let det ligga igjen spor etter oss.
Denne plikta kallar vi sporlaus ferdsel.
«Einkvar som ferdast eller oppheld seg på annan manns grunn eller på sjøen utanfor, skal opptre omsynsfullt og varsamt for ikkje å valde skade eller ulempe for eigar, brukar eller andre, eller påføre miljøet skade. Dei pliktar å sjå etter at dei ikkje etterlet seg staden i ein tilstand som kan virke skjemmande eller føre til skade eller ulemper for nokon.» - Friluftslova
Det å ferdast sporlaust handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk når man ferdast i naturen. For at dei som kjem etter oss skal få nyta naturen på same måte som oss, har vi eit felles ansvar for å ta vare på den.
Slik ferdast du sporlaust:
- Unngå å tråkka nye stiar der det allereie eksisterer ein sti
- Skal du tenna bål, bruk ein bålplass som allereie eksisterer
- Gjer det til ein regel at du alltid tek med deg heim att alt det du har hatt med deg ut på tur. Naturen brukar to år på å bryta ned appelsinskal, medan plast kan ta opp til 500 år å bryta ned. Difor gjer du naturen og brukarar av den ei stor teneste om du også plukkar med deg søppel du kjem over når du er ute på tur.
- Vis omsyn til dyre- og fugleliv når du oppheld deg i naturen. La ville dyr vera i fred, og hugs at søppel du legg igjen kan vera skadeleg for dei.