Kva kan du som innbyggjar gjera for trafikksikring og trivsel i nærmiljøet ditt?
Store buskar og tre skal plasserast minst 2 meter innanfor tomtegrensa.
Hekkar og buskar skal plasserast minst 1 meter innanfor tomtegrensa.
Hekk og buskar bør veksa innanfor eigen eigedom. Dersom du har buskar eller tre som strekk seg utover grensa, skal du sjå til at vegfarande har fri høgd over seg.
Krav til høgd er som følgjer
- Over gang- og sykkelveg 3,2 meter
- Over køyrebane 4,8 meter
Du som har avkøyrsle frå kommunal veg skal sørgja for tilstrekkeleg frisikt mot den kommunale vegen.
Oversikt over frisiktsoner:
(Dersom ikkje anna er oppgjeve i reguleringsplan)
- 30 km/t - minimum 4 x 30 meter
- 50 km/t - minimum 4 x 50 meter
- 60 km/t - minimum 4 x 64 meter
- 80 km/t - minimum 4 x 102 meter
4 meter er målt frå vegkant og inn i avkøyrsla, og 30/50/64/102 meter er målt i begge retningar langs den kommunale vegen.
Innanfor frisiktsona skal du sørgja for at ikkje noko hinder overstig 50 cm over den kommunale vegen.
Dersom du har hjørnetomt mot kommunal veg, skal ikkje noko hinder overstiga 50 cm i høgd målt innanfor frisiktsona i vegkrysset. Reguleringsplan for området viser omfanget av frisiktsonene.
Dersom det ikkje føreligg reguleringsplan, bør du kontakta eigedomssjefen og/eller anna vegmynde for å få nærare opplysningar om krav til sikt i aktuelt kryss.
For å oppretthalda god sikt er det viktig å tenkja over trea og buskane si utvikling over tid før ein kjøper inn og plantar dei. På dette viset kan ein førebyggja problem med sikt og seinare vedlikehald.
Grunneigar er sjølv ansvarleg for til ei kvar tid å halda hekkar, buskar og tre innanfor eigne eigedomsgrenser og i tråd med retningslinjene.
Planter veks ulikt avhengig av lokalt klima og jordsmonn. For nærare informasjon om dette kan ein kontakta eit gartneri, hagesenter eller ein anleggsgartnar.
Som hovudregel byrjar kantklippinga langs kommunale vegar i oktober - når vekstsesongen er over - og vert sluttført rundt juletider. Utstyret er grovt maskinelt og eignar seg difor svært dårlig i bustadområde.
Vi ser det difor som ei føremon at grunneigarane sjølve tek ansvar i slike område.
Sist endra 12.05.2025 10.23