Reklameskilt langs veg

Du må søkja om å setja opp reklameskilt eller liknande innretningar. Av omsyn til trafikktryggleiken må slike gjenstandar ikkje uten løyve plasserast ved kommunal veg eller slik at dei er retta mot trafikken eller er synlege for vegfarande (uansett avstand frå vegen).

Kommunen gjev løyve for ein avgrensa periode.

Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten, er forbode. Dersom skilt/reklame vert sette opp utan løyve og kommunen må fjerne det, må den ansvarlege ta kostnaden.

Målgruppe

  • Næringsdrivande
  • Organisasjonar
  • Privatpersonar
  • Alle som ønskjer å setja opp skilt for ulike føremål

Varsel om fjerning

Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan unnlata å senda varsel dersom det hastar med å fjerna skiltet av omsyn til trafikktryggleiken.

Vilkår

For kommersielle og ideelle reklame- og informasjonstiltak:

  • Informasjon om næringsverksemd, eit produkt, eit lokalt tiltak (kulturarrangement, loppemarknad, valkampanje, osb.)
  • Gjenstandane kan vera alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb.

Unntatt frå søknad

  • Namneskilt eller reklame for eiga verksemd som er plassert på sjølve bygninga der verksemda vert driven, må ikkje påverka trafikktryggleiken
  • Adresseskilt, skilt i kryss med privat veg som "Køyr langsamt, barn leiker", vil det ikkje vera nødvendig å søkja om løyve til, men undersøk dette i alle fall.