Du må søkja om å setja opp reklameskilt eller liknande innretningar. Av omsyn til trafikktryggleiken må slike gjenstandar ikkje plasserast ved kommunal veg utan løyve eller slik at dei er retta mot trafikken eller er synlege for vegfarande (uansett avstand frå vegen).
Kommunen gjev løyve for ein avgrensa periode.
Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten er forbode. Dersom skilt/reklame vert sette opp utan løyve og kommunen må fjerna det, må den ansvarlege ta kostnaden.
Målgruppe
- Næringsdrivande
- Organisasjonar
- Privatpersonar
- Alle som ønskjer å setja opp skilt for ulike føremål
Varsel om fjerning
Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan unnlata å senda varsel dersom det hastar med å fjerna skiltet av omsyn til trafikktryggleiken.
Vilkår
For kommersielle og ideelle reklame- og informasjonstiltak:
- Informasjon om næringsverksemd, eit produkt, eit lokalt tiltak (kulturarrangement, loppemarknad, valkampanje, osb.)
- Gjenstandane kan vera alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb.
Unnateke frå søknad
- Namneskilt eller reklame for eiga verksemd som er plassert på sjølve bygninga der verksemda vert driven må ikkje påverka trafikktryggleiken
- Adresseskilt, skilt i kryss med privat veg som "Køyr langsamt, barn leiker", vil det ikkje vera nødvendig å søkja om løyve til, men undersøk det i alle fall.
Sist endra 12.05.2025 10.30