Ved kjøp og sal, gåve, forskot på arv, overdraging mellom ektefelle og sambuarar, og ved skilsmisse eller samlivsbrot, kan du tinglyse eigarskifte ved å fylle ut eit skøyte. Dette er privatrettslege tilhøve som partane må ordne sjølv og sende til Kartverket.
Målgruppe: Alle som skal kjøpe, selje eller arve fast eigedom.
Tinglysing av skøyte
Kva er eit skøyte?
Skøyte er eit skjema som en tinglyst eigar nyttar for å overføre heimel til fast eigedom til ein annan person. Du skal nytta skjemaet både når heile eigedomen skal overførast til ny eigar, eller når eigarbrøk mellom sameigarar skal justerast. Du treng ikkje det gamle skøytet for å overføre eigedomen.
Spørsmål om skøyte rettast til Kartverket.
Skøyte sender du til Kartverket.
Skjema, rettleiing m.m. finn du på Kartverket sine nettside om overføring av fast eigedom.
Søknad om konsesjon/konsesjonsfritak før innsending av skøyte
Før ein sender inn skøyte som skildra ovanfor så må du, i dei fleste overdragingar, sende inn søknad om konsesjonsfritak eller konsesjon, til kommunen. Sakshandsamingstid på eigenerklæring om konsesjonsfritak er omlag 1 veke etter registrering hos kommunen.
Søknad om konsesjon og eigenerklæring sender du til postmottak i Øygarden kommune.
Lenker konsesjon:
Oppsummering ved innsending av skøyte
- Søkje/avklare med kommunen om konsesjon/konsesjonsfritak og få godkjenning
- Sende skøyte til Kartverket som tinglyser heimelsoverdraginga.
Overføring ved arv, skifte og uskifte
Når en person dør, bør ein overføre den avdøde sin eigedom til arvingane eller til ein ektefelle eller sambuar i uskiftet bo. Ved privat skifte skal det fyllast ut en heimelserklæring.
Du finn informasjon og skjema på Kartverket sine nettsider om hjemmelserklæring i forbindelse med arv, skifte og uskifte.
Privat skifte
Ved et privat skifte vil tingretten sende arvingane ein skifteattest. Når ein arving skal tinglyse overføring av eigedomen frå den avdøde til seg, sender dei skifteattesten til Kartverket saman med skjemaet heimelserklæring i samband med arv/skifte/uskifte. Arvingane til avdøde vil i dette tilfellet ofte foreta skifteoppgjeret sjølv, eller ved hjelp av testamentsfullbyrder eller annan medhjelpar.
Uskifte
Når ektefelle eller sambuar har rett til å overta hele buet etter avdøde, vil tingretten sende ein uskifteattest. Uskifteattesten skal sendast saman med skjemaet heimelserklæring i samband med arv/skifte/uskifte når den gjenlevande ektefellen eller sambuaren skal tinglyse eigedomen på seg sjølv.
Offentleg skifte
Spørsmål om dette må også rettast til Kartverket.
Konsesjonsfritak ved arv/skifte
Erverv frå nær familie er oftast konsesjonsfritt. Før du sender inn heimelserklæring til Kartverket må du få behandla konsesjonsfritak hos kommunen.
Du nyttar då punkt 8 som gjeld slektskap, i tillegg til punkt 1, 2 og 10. Les meir om konsesjon her: Konsesjon - Øygarden kommune
Skjema for eigenerklæring konsesjonsfri overtaking: Eigenerklære konsesjonsfri overtaking av eigedom - Landbruksdirektoratet
Oppsummering ved innsending av heimelserkæring ved arv/skifte:
- Send inn skjema for konsesjonsfritak til kommunen, vent på godkjenning.
- Sende heimelserklæring og skifteattest til Kartverket og få tinglyst overdraging.