Her finn du korte forklaringar på uttrykk som ofte er brukt i ein byggjesøknad.
Ein dispensasjon er eit vedtak som inneber at det blir gitt eit unnatak frå føresegner gitt i eller i medhald av plan- og bygningsloven (pbl).
Dispensasjon vil seia at kommunen i ei konkret sak gir nokon løyve til å byggja eller gjera noko som ikkje er i samsvar med desse føresegnene. Dispensasjon kan vera varig eller tidsavgrensa.
Før du kan ta i bruk det du har bygd, må du søkja om ferdigattest. Ferdigattesten viser at saka er ferdigbehandla av kommunen.
Så lenge det berre står att mindre arbeid og det ikkje er farlig å ta i bruk bygninga, kan du søkja om mellombels bruksløyve. I løyvet skal det gå fram kva for arbeid som står att og du får ein frist for å ferdigstilla. Eit mellombels bruksløyve gjer at tiltaket kan takast i bruk før det er gjeve ferdigattest.
Førehandskonferanse er eit avklaringsmøte mellom kommunen og tiltakshavar og dei eventuelle medhjelparane hans. Tiltakshavar legg fram byggeplanane og kommunen orienterer om innhaldet i kommunale planer og andre føresegn og krav som er relevante for byggeplanane. Føremålet er å etablera tidleg kontakt mellom tiltakshavar og kommunen og få belyst aktuelle problemstillingar, krav og føresetnadar.
Minste uteopphaldsareal er dei deler av tomta som ikkje er bygd eller avsett til køyring og parkering, og er eigna til dette formålet.
Kommuneplanen sin arealdel set kvalitetskrav til minste uteopphaldsareal.
Ein nabo er heimelshavar til eigedom som har felles eigedomsgrense med eigedomen der tiltaket skal førast opp.
Ein tverrbuar er heimelshavar til eigedom der berre ein veg, gate, elv eller anna areal ligg imellom.
Nabovarsling:
- Naboar og tverrbuarar skal nabovarslast før søknad vert sendt inn.
- Nabovarsling er ikkje nødvendig dersom nabo eller tverrbuar skriftleg har meldt at dei ikkje har merknader til søknaden.
- Det er heller ikkje nødvendig å nabovarsla der tiltaket ikkje, eller i liten grad, råkar interessene til nabo eller tverrbuar.
- Nabovarselet skal gje ei dekkjande skildring av tiltaket; kva som skal førast opp og kor det skal førast opp. Det er eit krav at målsatt situasjonsplan og snitt- og fasadeteikningar er lagt ved nabovarselet.
Meir informasjon finn ein i plan- og bygningslova § 21-3 og SAK 10 § 5-2
Byggjegrense er ei grense som tiltaket må plasserast innanfor. Byggegrense kan til dømes vera mot veg, nabogrense, eller sjø.
Ein situasjonsplan er eit situasjonskart der planlagd tiltak er teikna inn på rett stad og i riktig målestokk.
Situasjonskartet er eit kartutsnitt med informasjon om eigedom, tomtegrenser, kotelinjer, bygningar med meir.
Du kan få ansvarsrett som sjølvbyggjar av eigen bustad eller fritidsbustad.
Føresetnaden er at du kan sannsynleggjere at arbeidet vert utført i samsvar med plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter. Dette kan gjerast der du sjølv har kompetanse, har gode medhjelparar eller nyttar kvalifisert føretak eller person.
Ansvarsrett kan gjevast for funksjonane søkjar, prosjekterande og utførande for fagområde i tiltaksklasse 1.
Eit tilbygg er ein bygning inntil eksisterande bygning. Tilbygg fører normalt til auking av grunnflata til bygningen.
Eit påbygg er ei utviding av bygninga i høgda utan at bygninga si grunnflate, utbygd areal (BYA) vert endra. Påbygg er eit søknadspliktig tiltak med krav om ansvarleg føretak.
Tiltak:
Eit tiltak er oppføring, riving, endring og andre tiltak knytt til bygningar, konstruksjonar og anlegg, og terrenginngrep og oppretting og endring av eigedom. Sjå Plan- og bygningslova § 1-6.
Som tiltak reknast også anna verksemd og endring av arealbruk som vil vera i strid med arealformål, planføresegn og omsynssoner.
Tiltakshavar:
Tiltakshavar er den personen eller føretaket tiltaket skal utførast på vegner av, og er det same som byggherre jf. Plan- og bygnignslova § 23-2.
Tiltakshavar er ansvarleg for at tiltak vert utført i samsvar med dei krav som følgjer av plan- og bygningslova.
Universell utforming av byggverk:
- hovudløysingane skal vera utforma slik at dei kan nyttast av flest mogleg på ein likestilt måte
Publisert 22.08.2019 09.47
Sist endra 09.05.2025 12.57