Utvida skjenketider under Fotball-VM 2026Lytt til tekstenStopp avspillingØygarden kommunestyre har vedteke endring i kommunen sine skjenketider under Fotball-VM 2026.Det betyr at skjenketidsslutt vert utvida frå kl. 02:00 til kl. 06:00 i perioden 11.06.26 – 19.07.26. Endring gjeld berre etter søknad.Kriteria for å få innvilga utvida skjenketidSøknad må vere motteken minimum 2 veker før visningsstart/tidspunkt:Faste skjenkestadar – bruk skjema for «fast skjenkeløyve» og kryss av for midlertidig endringMidlertidige skjenkestadar (lag, organisasjonar, private som ønsker å vise VM kampar offentleg) – bruk skjema «skjenkeløyve ambulerande/enkelttilfelle»Gjeld skjenkestadar som viser direktekampar frå Fotball-VM 2026. Kampane må visast på ein slik måte at dei er gjort tilgjengeleg for majoriteten av staden sine gjesterSkjenkestaden må ha lisens for å vise VM-kampar offentlegAlkohollovendringa må vere vedteken i StortingetHer finn du meir informasjon om midlertidig endring av alkoholpolitisk handlingsplan og tilhøyrande forskrift om skjenketider i Øygarden kommune - Fotball-VM 2026.For eventuelle spørsmål, ta kontakt med sentralbord på tlf. 56 16 00 00. Publisert 11.05.2026 13.32