Når må du søkja?
- Ved all sal av alkohol
- Dersom du skal arrangera eit ope arrangement - enkelt anledning (dvs. at du har ei utvida gjesteliste kor du som arrangør ikkje treng å ha ei tilknyting til gjestene som vert invitert) som til dømes konsert, festival, bygdafest, quiz-arrangement, russearrangement, venners/venners fest eller annan type festarrangement der det skal skjenkast alkohol.
- Dersom du skal skjenka alkohol i eit lukka selskap - ambulerande løyve (dvs. at du har ei avgrensa gjesteliste og har ein relasjon til dei som vert invitert) som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement for firma, lag organisasjonar eller privatpersonar. Merk at nokre arrangement ikkje er løyvepliktige. Kontakt kommunen for meir informasjon.
Kven kan få skjenkeløyve?
- Kven som helst over 20 år kan søkja
Skjenkeansvarleg under arrangementet må vera over 20 år
Kva reglar gjeld for alkoholbruk i grendahus/forsamlingslokale?
I grendahus og andre typar forsamlingslokale, kan det haldast både løyvepliktige og løyvefrie arrangement. Eksempel på løyvepliktige arrangement: quizarrangement, russearrangement, grendafestar, større private festarrangement, venners/vennersfestar, firma, lag og foreiningar sine arrangement.
Driv de eit forsamlingslokale (grendahus, selskapslokale ol.) må de informere leigetakarar om å sjekke mogleg løyveplikt. Merk at eit arrangement kan vere løyvepliktig sjølv om det ikkje skal seljast alkohol. Her har de eit dokument som kan brukast i dialog med leigetakar: Informasjon om reglar for skjenkeløyve i forsamlingslokale og andre felleslokale (PDF, 649 kB)
Merk at det er kommunen som i tvilstilfelle avgjer spørsmål om løyveplikt. Kommunen kan kontaktast for råd og rettleiing.
Når må du ha internkontrollrutinar?
Alle opne arrangement/enkelt anledning treng tilpassa internkontrollrutinar. Større arrangement (konsertar, festivalar o.l) må ta utgangspunkt i Helsedirektoratet sin mal for internkontroll med kartlegging av utfordringar og beskriving av tiltak, og ev. innarbeide desse i ei samla rutinebeskriving.
Sjå ellers Helsedirektoratet si heimeside for praktiske råd for arrangement og festivalar: Guide til god internkontroll etter alkoholloven - Helsedirektoratet
Korleis søkje?
Bruk elektronisk søknadsskjema.
Søk om skjenkeløyve for ambulerande og enkeltarranagement
All informasjon som vert etterspurd i skjema, må sendast inn, elles vert ikkje søknaden behandla.
Kor lang tid tar det?
Behandlingstida er normalt 2-4 veker avhengig av type arrangement (4 veker for opne arrangement/enkelt anledning og arrangement av ein viss storleik). Ta kontakt med kommunen for meir informasjon og ev. avklaring om saksbehandlingstid.
Pris
Skjenketider i Øygarden
Forskrift om sals- og skjenketider ved omsetning av alkoholholdig drikk, Øygarden kommune, Vestland
Lover og forskrifter
Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar