Sal av tobakk og tobakkssurrogat
Må du ha løyve for å selja tobakk og tobakkssurrogat?
Du treng ikkje eit løyve, men alle som sel tobakk og tobakkssurrogat, som for eksempel e-sigarettar og urtebaserte røykeprodukt, må registrera seg i Helsedirektoratet sitt tobakkssalsregisteret.
Kva krav vert stilt til sal av tobakksvarer?
Du må sikra at du følgjer alle krav i tobakkslovgjevinga gjennom utarbeiding av tilpassa internkontrollrutinar. Internkontroll betyr systematiske tiltak som skal sikra at aktivitetane til salsstaden vert planlagde, organiserte, utførte og vedlikehaldne i samsvar med regelverket.
Vil det verta utført tilsyn?
Kommunen skal føra tilsyn med alle salsstadar som har registrert seg i tobakkssalsregisteret. Der vert det mellom anna ført tilsyn med internkontrollrutinane.
Pris
Det er gratis å registrera seg i tobakkssalsregisteret. Kommunen vil krevja ei tilsynsavgift:
Lover og forskrifter
Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar.
Sist endra 02.01.2024 09.51