Sal av tobakk og tobakkssurrogatLytt til tekstenStopp avspillingMå du ha løyve for å selja tobakk og tobakkssurrogat?Du treng ikkje eit løyve, men alle som sel tobakk og tobakkssurrogat, som for eksempel e-sigarettar og urtebaserte røykeprodukt, må registrera seg i Helsedirektoratet sitt tobakkssalsregisteret.Kva krav vert stilt til sal av tobakksvarer?Du må sikra at du følgjer alle krav i tobakkslovgjevinga gjennom utarbeiding av tilpassa internkontrollrutinar. Internkontroll betyr systematiske tiltak som skal sikra at aktivitetane til salsstaden vert planlagde, organiserte, utførte og vedlikehaldne i samsvar med regelverket.Vil det verta utført tilsyn?Kommunen skal føra tilsyn med alle salsstadar som har registrert seg i tobakkssalsregisteret. Der vert det mellom anna ført tilsyn med internkontrollrutinane.PrisDet er gratis å registrera seg i tobakkssalsregisteret. Kommunen vil krevja ei tilsynsavgift: Sal av tobakkTypePrisÅrlig tilsynsavgift 2024 for faste salgssteder5 420Årlig tilsynsavgift 2024 for midlertidige salgssteder1 450 Lover og forskrifterOversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar. Sist endra 16.02.2026 08.24