Løyvegebyr

Alle som har eit sals- eller skjenkeløyve må kvart år betala eit løyvegebyr til kommunen. Storleiken på gebyret avheng av kor mykje alkohol som vert omsett.

NB! Det er mengde alkohol kjøpt inn hos leverandør i gjeldande år, som skal innrapporterast, ref. årsrapport frå engros-leverandør. Alkoholen treng ikkje å vera selt til kunde same år. 

Har de tilvirkingsløyve for produksjon av alkohol for skjenking i eiga verksemd må de ha ei ordning som viser omsett mengde alkohol, og som kan stadfestast av revisor eller ekstern rekneskapsførar.

Minstegebyr for faste løyve

Salsløyve for alkohol
Type løyve Pris
Salsløyve 2 070
Skjenkeløyve fast
Type løyve Pris
Skjenkeløyve fast 6 400

Løyvehavarar som har fleire løyve må senda inn éi omsetningsoppgåve for kvar enkelt sals- og skjenkestad.

Innsending av omsetningsoppgave

Omsetningsoppgåva skal sendast inn elektronisk på kommunen sitt skjema.

Send inn omsetningsoppgåve for alkohol

Vedlegg

Stadfesting av omsett mengde alkohol MÅ sendast inn saman med skjemaet. Godkjent dokumentasjon: omsetningsoppgåve frå grossistar og/eller revisorgodkjenning. Stadfesting frå ekstern rekneskapsførar kan godkjennast for mindre selskap med låg alkoholomsetning (må vera signert av rekneskapsførar).

Frist for innsending

1. mars dersom ikkje annan frist er gitt av kommunen.

Manglande oppgåve eller ubetalt gebyr

Manglande omsetningsoppgave og/eller ubetalt gebyr vil medføra prikktildeling i samsvar med alkohollova.

Ny verksemd

Dersom sals- eller skjenkestaden har fått nytt løyve i inneverande år, skal det berre rapporterast forventa omsetning.

Opphøyr eller overdraging av selskap

Dersom sals- eller skjenkestaden opphøyrer eller vert overdregen, skal omsetningsoppgåva sendast inn så snart endelige omsetningstal er klare. Dersom omsetningsoppgåva manglar ved opphøyr av sals- eller skjenkeløyvet, blir det foreteke ei skjønsmessig berekning av løyvegebyret.

Skjenkeløyve for éin enkelt anledning

Gebyr for ‘ein enkelt anledning’ skal bereknast ut i frå omsett vareliter alkohol, eller minimum minstegebyr som for fast skjenkeløyve jf. alkoholforskriftene § 6-2. Kommunen kan gjera unnatak for mindre arrangement. Også for frivillige lag og organisasjonar kan det gjerast unnatak, avhengig av storleik på arrangementet og kva inntekta frå arrangementet skal gå til.

Ambulerande skjenkeløyve

Gebyr for ambulerende skjenkeløyve (lukka arrangement).

Ambulerande skjenkeløyve
Type løyve Pris
Ambulerande skjenkeløyve 460
Treng du rettleiing/råd?

Ring oss gjerne på
telefon 56 16 00 00
måndag til fredag
kl. 09.00 - 15.00