AvtaleGiro og eFaktura

Faktura frå Øygarden kommune vert sendt elektronisk eller pr. post. Det er viktig at fakturamottakar opplyser om eventuell adresseendring til Øygarden kommmune.

Send e-post om adresseendring

Betalar du ikkje faktura ved forfall, vil forseinkingsrenter og gebyr kunna påløpa i tillegg til hovudkrav.

Vi rår til å betala via å kombinera eFaktura og AvtaleGiro til Øygarden kommune. Då vert rekningane betalt automatisk på forfallsdato, og rekninga vert sendt direkte til nettbanken din og lagra der.

Meiner du at kravet du har fått er urettmessig eller feil? Send oss ein e-post så raskt som mogleg der du forklarar dette til oss i ein e-post.

Send e-post ved feil i faktura

eFaktura

Med eFaktura får du rekningane rett inn i nettbanken, ferdig utfylt med KID-nummer og kontonummer. Du må ha nettbank, og du må godkjenna betalinga.

AvtaleGiro

Med AvtaleGiro vert rekninga betalt direkte frå kontoen din på forfallsdato. Du treng ikkje å ha nettbank for å nytta AvtaleGiro.