Arbeids- og aktivitetssenter

Arbeids- og aktivitetssenter i Øygarden er delt inn i tre avdelingar; Sone nord (Rong), sone sør (Skogsvåg) og sone Straume.

Formål

Gjennom dagtilbod skal innbyggjar få høve til å oppleva sosialt fellesskap, delta i aktivitetar og oppretthalda funksjonsnivå.

Målgruppe

Innbyggjarar over 18 år med nedsett kognitiv, fysisk, psykisk og sosial funksjonsevne som har behov for tilrettelagd dagaktivitetstilbod.

Tilbodet er for personar som har for dårleg funksjonsnivå til å kunna vera i vanleg tilrettelagt arbeid gjennom NAV, og som har behov for å delta i aktivitet på dagtid.

Kva kan du få hjelp til?

Tilbodet består av tilpassa aktivitetar hovudsakleg i grupper. Du kan få plass på dagsenter frå eín til fem kvardagar i veka. Kor ofte du kan vera på dagsenteret avhenger av kva behov du har. Alle dagsenter har aktivitetar tilpassa den enkelte.

Eksempel på aktivitetar:

  • arbeids- og hobbyoppgåver
  • opptrening av ferdigheiter
  • sosiale samlingar
  • utflukter
  • trim

Kriterium og vurdering

Du må bu i Øygarden kommune og vera ferdig med vidaregåande skule samt vera vurdert som arbeidsufør.

Kva forventar vi av deg som mottek dagtilbod?

  • Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt
  • Du tar med nødvendig utstyr til dagtilbodet (vert avtalt individuelt)

Praktiske opplysningar

Dersom du treng transport for å nytta deg av tilbodet, legg vi til rette for det. (Om du ønskjer å nytta anna transport, betaler du dette sjølv).

Slik søkjer du

I søknadsskjema skriv du kva du søkjer. 

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Pris

Tenesta er gratis men du må betale eigendel for mat og drikke.

Lovgrunnlag

Du kan klaga på vedtaket

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete