Søk sjukeheimsopphald

Sjukeheimsopphald er eit tilbod til personar med behov for pleie og tilsyn heile døgnet, der det ikkje er mogleg å dekkja hjelpebehovet i personen sin eigen heim.

Kven kan søkje opphald på sjukeheim?

  • Personar med nedsett funksjonevne
  • Alvorleg sjuke
  • Eldre
  • Pårørande

Slik søkjer du

I søknadsskjemaet skriv du kva du treng bistand og hjelp til.  Vi ber om at det vert lagt ved oppdaterte legeopplysningar.

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.

Digital søknad

Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:

Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Søknadsskjema på papir

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Saksbehandling

Når søknaden er motteken, vil det bli gjort ei kartlegging av den fysiske og psykiske funksjonsevna di, samt behova og ønskja dine. Du må gjerne ha med pårørande eller annan tillitsperson dersom vi kjem på heimebesøk.

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg svar på årsaka til dette med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Søknad vert behandla i tverrfagleg inntaksnemnd i Helse og velferd. Du vil få skriftleg vedtak om avgjerda som er tatt.

Prisar

8.2 Institusjonsopphald (per døgn)
Grunnlag Gebyr 2025
Dagsopphald Etter forskrift
Frokost 45
Korttidsopphald i institusjon / dagopphald: her følgjer kommunen forskrift om vederlag for opphald i institusjon. Årleg justert frå Helse og omsorgsdepartementet* Etter forskrift
Avlastning (denne tenesta er gratis) 0
Suppe/dessert 35
Varm middag pr porsjon 120
Transport 45

* Satsar er regulert i "Forskrift om eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester" §4. Nye satsar frå 1. januar 2020.

Pris for langtidsopphald

Pris for ein langtidsplass vert rekna ut frå grunnpensjonen din frå Folketrygda, sjå nærare berekning i § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester.

Klage

Du kan klaga på vedtak om opphald i sjukeheim. Nærare informasjon om vilkår for klaga vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen.

Lover og reglar

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00