Målgruppe
Innbyggjarar med behov for varig og omfattande helse- og omsorgstenester av eit slikt omfang at langtidsopphald i institusjon er einaste tilbod som kan sikra faglege og forsvarlege tenester.
Langtidsopphald i sjukeheim skal helst vera eit tilbod til eldre. For yngre personar skal det søkjast å etablera eit alternativt tilbod i eigen heim (til dømes omsorgsbustad, bukollektiv eller liknande).
Kva kan du få hjelp til?
Langtidsopphald er eit tilbod til deg som har eit varig behov for helsehjelp gjennom heile døgeret. Du får rom med bad og delar fellesareal med dei andre bebuarane i avdelinga. Helsepersonell er til stades heile døgeret og følgjer opp helsetilstanden i samarbeid med sjukeheimlege
Langtidsopphaldet består av individuell oppfølging med utgangspunkt i ressursane dine, som til dømes:
- rettleiing
- støtte og hjelp til å gjennomføra eigenomsorg
- hjelp til ernæring og personleg stell
- medisinsk oppfølging og behandling av tverrfagleg team
- tilrettelegging for sosial aktivitet
- Kommunen har institusjonar med ulike tilbod.
Kriterium og vurdering
Langtidsopphald vert tildelt etter søknad frå deg eller pårørande/verge (samtykke). I dialog med deg vil vi kartleggja fysisk og psykisk funksjonsevne og dine behov og ynskje:
- Behov for varig og omfattande helse-/funksjonssvikt fysisk, mentalt eller kognitivt
- Vedtak om langtidsopphald vert gitt når andre tilbod er vurdert som ikkje å vera tilstrekkeleg for å dekke ditt behov for tenester
Nedanfor finn du døme som skal vera vurderte og/eller utprøvd før mogleg tildeling av langtidsopphald:
- Tryggleiksalarm, velferdsteknologi i heimen mm
- Tilrettelegging av bustad, eventuelt omsorgsbustad med tilbod om hjelp frå heimetenester gjennom døgnet
- Dagsenter
- Rullering av korttidsopphold/avlasting
- Medisinsk utgreiing
- Støttekontakt, omsorgsstønad
Ved tildelt plass, dersom ønskje ikkje er oppfylt, kan du eventuelt søkja om byte av plass.
Praktiske opplysningar
Inntaksnemnda fattar vedtak om opphald. Langtidsopphald kan verta tildelt ved ein sjukeheim eller ein bustad med heildøgns teneste. Du får tildelt plass der det er ledig i kommunen. Du kan søkja om overføring til annan institusjon.
Det er ikkje krav om å melde flytting til institusjonane, men for innbyggjar som ikkje lenger har tilknyting (gjenlevande ektefelle/sambuar/barn) til eigen bustad, er det ønskjeleg at flytting er meldt med tanke på postgang.
Pårørande blir så langt som mogleg bedne om å følgja til undersøking, behandling og timeavtalar utanfor institusjonen. Pårørande vert oppfordra til å bidra med sosialt samvær og aktivitetar.
Slik søkjer du
I søknadsskjemaet skriv du kva du treng bistand og hjelp til. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt. Vi ber om at det vert lagt ved oppdaterte legeopplysningar.
Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde (DOC, 209 kB).Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Pris
Ved langtidsopphald sjukeheim vert eigenbetaling for langtidsplass rekna ut frå grunnpensjonen frå folketrygda og anna inntekt.
Ved langtidsopphold omsorgsbustad med heildøgnsbemanning vert praktisk bistand/helsehjelp rekna ut frå grunnpensjonen frå folketrygda og anna inntekt.
Sjukeheimar og tilsvarande bustad med heildøgnsteneste
Adresse: Blombakkane 3, 5354 Straume
Telefon: 55 09 74 00
Adresse: Hidlamyrsvegen 1, 5382 Skogsvåg
Telefon: 56 16 04 00
Adresse: Ternholmvegen 53, 5337 Rong
Telefon: 56 38 23 00
Adresse: Blombakkane 3,
Telefon: 56 16 04 40
(berre for personar med demenssjukdom)
Adresse: Kvernatunvegen 9, 5347 Ågotnes
Telefon: 55 09 62 10
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket