Målgruppe
Pasientar som treng tidsavgrensa opphald i institusjon for vidare behandling etter sjukehusopphald, eller oppretthalda/betra sitt funksjonsnivå eller helsetilstand
Kva kan du få hjelp til?
Korttidsopphald er eit tidsavgrensa opphald i institusjon som vert innvilga til innbyggjar for ein kortare periode. Tenesta er for personar som har behov for omfattande helse og omsorgstenester heile døgnet:
- For utskrivingsklare pasientar frå sjukehuset eller frå heimen med behov for tidsavgrensa opphald heile døgeret, med oppfølging etter funksjonssvikt eller kronisk sjukdom.
- Smerte- og symptomlindring for alvorleg sjuke med kort forventa levetid, og som treng smerte- og symptomlindring utover det ein vanleg sjukeheimsavdeling eller heimesjukepleie kan gi.
- Rehabilitering for å vinna tilbake funksjon etter sjukdomsforløp
- Augeblikkeleg hjelp/døgnopphald, tildelt av lege i samsvar med kriteria i avtale med Helse Bergen
Kriterium og vurdering
Korttidsopphald vert tildelt etter søknad frå deg eller pårørande/verge med fullmakt. For søkjar/pasient som ligg i spesialisthelsetenesta må det vera gitt samtykke av deg eller pårørande/verge med fullmakt. Det vert gjort ei helse- og omsorgsfagleg vurdering av behov på bakgrunn av søknad/helseopplysningar og funksjonskartlegging:
- Auka omfang av andre helse- og omsorgstenester skal vera forsøkt og vurdert som ikkje tilstrekkeleg.
- Du må bu eller opphalda deg i kommunen
Kva forventar vi av deg som mottek korttidsopphald?
- Du tek del i daglege behandlingsaktivitetar
- Du har sjølv ansvar for personlege eigendelar og kontantar
- Pårørande blir oppfordra om å følgje ved undersøking, behandling og timeavtalar utanfor institusjonen
- Pårørande vert oppfordra til å bidra med sosialt samvær og aktivitetar
- Det er ønskjeleg at pårørande, i den grad det er mogleg, vaskar personleg tøy
Praktiske opplysningar
Det vert gjennomført innkomstsamtale for å klargjera mål og innhald for opphaldet. Lengda på opphaldet vert vurdert kontinuerleg og etter i kva grad mål for opphaldet er nådd.
Ulike typar korttidsopphald
Tilbod til heimebuande og brukarar som blir skriven ut frå sjukehuset, som har eit større behov for meir tilsyn og hjelp gjennom døgnet enn det heimesjukepleien kan ivareta. Målet med opphaldet er å gjenvinna og oppretthalda funksjonar slik at ein kan fortsetja å bu heime.
Tilbod til alvorleg sjuke og døande pasientar. Føremålet er å gje lindrande behandling, pleie og omsorg ved slutten av livet.
Tilbod til pårørande med særs tyngjande omsorgsansvar for eldre dei bur saman med og som treng pause i avgrensa periodar. Opphaldet kan variera i lengde og etter individuelt behov.
Slik søkjer du
I søknadsskjemaet skriv du kva du treng bistand og hjelp til. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt. Vi ber om at det vert lagt ved oppdaterte legeopplysningar.
Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.
Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Prisar
Det er eigenbetaling for tenesta, men opphald gitt som augeblikkeleg hjelp medfører ikkje eigenbetaling.
* Satsar er regulert i "Forskrift om eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester" §4. Nye satsar frå 1. januar 2020.
Sjukeheimar med korttidsopphald
Adresse: Blombakkane 3, 5354 Straume
Telefon: 55 09 74 00
Adresse: Hidlamyrsvegen 1, 5382 Skogsvåg
Telefon: 56 16 04 00
Adresse: Ternholmvegen 53, 5337 Rong
Telefon: 56 38 23 00
Adresse: Blombakkane 77, 5354 Straume
Telefon: 55 09 62 20
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket