Formål
Avlastning skal bidra til å lette omsorgsbyrda for personar med særleg krevjande omsorgsoppgåver for barn og unge over tid.
Målgruppe
Innbyggjarar som har særleg krevjande omsorgsoppgåver overfor barn eller unge med store og samansette hjelpebehov over tid.
Skildring
Avlasting vert innvilga som pårørandestøtte til personar som har særleg krevjande omsorgsoppgåver Den som har særleg krevjande omsorgsoppgåver kan søkja om avlasting for å letta omsorgsbyrda. Det er den som utfører omsorg som har denne retten og ikkje den som treng omsorg
Tenesta vert tilbydd ut frå ulike behov og kan organiserast på ulike måtar.
Avlasting kan gjevast i følgjande former:
- fortrinnsvis i privat avlasting
- timeavlasting i eller utanfor heimen
- avlasting i kommunal avlastingsinstitusjon
- andre tenester, til dømes helsetenester i heimen eller praktisk bistand/heimehjelp
- dagaktivitetstilbod - skal gi aktivitet og fellesskap til brukar og avlasting for pårørande
Kriterium og vurdering
Avlasting vert tildelt med utgangspunkt i individuell vurdering av behov og kan gjevast i form av timar eller døgnopphald. Avlastingstiltak vert sett i samanheng med andre tiltak, og det vert vurdert kva tiltak som er mest formålstenlege. Når det vert tildelt avlasting på institusjon, må det vera vurdert at ingen andre tiltak kan erstatta behovet.
Kriterium som vert lagt vekt på i vurderinga av kva som er særleg krevjande omsorgsoppgåver:
- Omfanget og forventa behov over tid.
- Om omsorgsarbeidet er særleg krevjande ut i frå barnet sin alder.
- Særleg fysisk og psykisk krevjande oppgåver, til dømes nattarbeid.
- Om den som er avhengig av hjelp, ikkje kan vera åleine delar av døgnet.
- At omsorgsytar bur saman med den som mottek omsorg .
- Innvilga hjelpestønad frå NAV.
- Om du har omsorg for fleire enn den hjelpetrengjande.
Når omsorgsoppgåvene gjeld barn, skal alltid det beste for barnet vera det viktigaste i den faglege vurderinga. I vurderinga av kva som er særleg krevjande omsorgsoppgåver, blir det også teke med kva somreknast som normal omsorgsplikt overfor barn og unge som er under 18 år.
Forventningar til tenestemottakar
Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt.
Ved døgnopphald gjeld:
- Du har oppdatert helseinformasjon til ei kvar tid.
- Du har med oppdatert legemiddelliste.
- Du har med medisinar og naudsynt medisinsk utstyr.
Praktiske opplysningar
Tenesta vil også inkludera eventuell transport der det er relevant. Pårørande må sjølv følgje brukar til aktivitetar som ikkje er i regi av avlastingsinstitusjonen.
Eigenbetaling
Tenesta er gratis, men tenestemottakar må sjølv betala utgifter til eigne aktivitetar under avlastingsopphald.
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket