Søk om oppfølging - Psykisk helse

Oppfølgingstenesta rus og psykisk helse gjev individuelt tilpassa hjelp og støtte til personar med langvarige og samansette behov for helsehjelp. Tilrettelegging for meistring og sjølvstendigheit.

Kven kan få tilbodet?

  • Personar over 18 år 
  • Personar med moderate til alvorlege/langvarige psykiske lidingar

Kva kan du få hjelp til?

  • Praktisk bistand/opplæring
  • Koordinering av tenester; utarbeiding av individuell plan, ansvarsgrupper
  • Samtalar/råd/rettleiing
  • Ettervern
    • Støtte og motivering for kvardagslege aktivitetar
    • Hjelp/motivering til å finne jobb
    • IPS, individuell jobbstøtte
  • Kontakt med pårørande
  • Fysiske aktivitetstilbod

Pris

Tilbodet er gratis.

Slik søkjer du

Søk om oppfølging (PDF, 197 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Tenesta er vedtaksbasert.

Klage

Klage på vedtak kan sendast til Øygarden kommune innan 3 veker frå motteke vedtak. Søknaden din vert så vurdert på nytt. Dersom vedtaket vert endra, får du brev om dette. Dersom vedtaket ikkje vert endra, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen med kopi til deg.

Lovar og reglar

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00