Helse- og omsorgspersonell har lovpålagt teieplikt etter helsepersonellova. Føremålet med teieplikta er å verna brukaren sin integritet og tryggleiken i forholdet mellom brukar og helsepersonell.
Det er brukaren sjølv som bestemmer kva sensitiv informasjon som kan delast med pårørande.
Samtidig har pårørande alltid rett til generell informasjon og rettleiing når dei tek kontakt med helse- og omsorgstenestene. Dette kan til dømes vera informasjon om tilbod, rettar og korleis helse- og omsorgstenestene fungerer.
Helsepersonell bryt ikkje teieplikt dersom:
- Dei lyttar til pårørande si bekymring
- Dei snakkar om opplysningar du allereie kjenner til
- Dei gir generell informasjon om tilstanden (til dømes symptom, behandling og prognose)
§ 21. Hovedregel om taushetsplikt - Helsedirektoratet
Sist endra 17.09.2025 09.49